Lyrics
1Tøyen
Min vesle flekk, Tøyen
Eg ser for meg Rudolf Nilsen der han gjekk
Mens skyer låg
Som tyngde han, men løfta han, ògMin vesle flekk, Tøyen
I Botanisk Hage renn ein bekk
Ifrå april
Til slutten av oktober, under tvilKvernelands Munch, eg må snu meg og stire
Far hans tok livet av seg, min blei nittifire
Munch blei åttiein, han var ekspresjonist
Sjølv er eg melankolsk optimist
Farsi, somali, vestlending, rom
Alle har eit kammer som av og til er tomt
Alle har eit rom dei forsøker å fylle
Men eg kan berre syngje, eg kan ikkje trylleMin vesle flekk, Tøyen
Iblant er du så fin at eg må snu meg vekk
Og tørke bort ei tåre
Tøyen, du er vakker heile åretMin vesle flekk, Tøyen
Nokre faste, noko gjennomtrekk
Min nabo Nils
har budd i fjerde sidan lenge før Siv Jensen fekk kjøpt pilsDei fortalde alle om det store løftet
Det var berre nokre få detaljar å drøfte
Alt skulle bløme når Lambda blei bygd
Og det er kje så nøye med folk som går på trygd
Men om du flyttar blikket litt nærmare gata
Om du lyttar gjennom rushtidsstøyen
Kan du høyre noko banke
Kan du høyre noko banke
Kan du høyre noko banke?
Det er hjartet av TøyenMin vesle flekk, Tøyen
Eg døser litt, eg ligg utstrekt
Åh, slik ein fred
Grille pølser i Tøyenparken medan sola går nedMin vesle flekk, Tøyen
Ikkje visste eg at dagane som kom og gjekk
Var mitt liv
Eg står på Ola Narr medan det kvernar og svivOg om Oslo er ein eigen planet
Erklærer eg full suverenitet for Tøyen
Credits
Produced by Lars Voldsdal
Recorded and mixed by Lars Voldsdal at Velvet Recording, Voldsdal Studio and Tøyen skole
Mastered by Gene Grimaldi, Oasis Mastering, Los Angeles
Tom Roger Aadland: vocals
Kjetil Steensnæs: guitar, backing vocals
Kristian Kvalvaag: guitar, backing vocals
Mikael Lindqvist: organ, piano, synthesizer
Ruben Fredheim Oma: bass, backing vocals
Karl Oluf Wennerberg: drums, backing vocals
Tøyen barnekor conducted by Sølvi Hansen: backing vocals
Words & music: Tom Roger Aadland
Artwork: Raffaele Malanga, Far Studios, London