Tøyen – Singel

2020

Tom Roger Aadland har bodd på Tøyen de siste fjorten årene. Nå har han skrevet en hyllest til bydelen.

Tekstar

  • 1Tøyen

    Min vesle flekk, Tøyen
    Eg ser for meg Rudolf Nilsen der han gjekk
    Mens skyer låg
    Som tyngde han, men løfta han, òg

    Min vesle flekk, Tøyen
    I Botanisk Hage renn ein bekk
    Ifrå april
    Til slutten av oktober, under tvil

    Kvernelands Munch, eg må snu meg og stire
    Far hans tok livet av seg, min blei nittifire
    Munch blei åttiein, han var ekspresjonist
    Sjølv er eg melankolsk optimist
    Farsi, somali, vestlending, rom
    Alle har eit kammer som av og til er tomt
    Alle har eit rom dei forsøker å fylle
    Men eg kan berre syngje, eg kan ikkje trylle

    Min vesle flekk, Tøyen
    Iblant er du så fin at eg må snu meg vekk
    Og tørke bort ei tåre
    Tøyen, du er vakker heile året

    Min vesle flekk, Tøyen
    Nokre faste, noko gjennomtrekk
    Min nabo Nils
    har budd i fjerde sidan lenge før Siv Jensen fekk kjøpt pils

    Dei fortalde alle om det store løftet
    Det var berre nokre få detaljar å drøfte
    Alt skulle bløme når Lambda blei bygd
    Og det er kje så nøye med folk som går på trygd
    Men om du flyttar blikket litt nærmare gata
    Om du lyttar gjennom rushtidsstøyen
    Kan du høyre noko banke
    Kan du høyre noko banke
    Kan du høyre noko banke?
    Det er hjartet av Tøyen

    Min vesle flekk, Tøyen
    Eg døser litt, eg ligg utstrekt
    Åh, slik ein fred
    Grille pølser i Tøyenparken medan sola går ned

    Min vesle flekk, Tøyen
    Ikkje visste eg at dagane som kom og gjekk
    Var mitt liv
    Eg står på Ola Narr medan det kvernar og sviv

    Og om Oslo er ein eigen planet
    Erklærer eg full suverenitet for Tøyen

Bidragsytere

Produsert av Lars Voldsdal
Tatt opp og mikset av Lars Voldsdal i Velvet Recording, Voldsdal Studio og på Tøyen skole
Mastret av Gene Grimaldi, Oasis Mastering, Los Angeles

Tom Roger Aadland: vokal
Kjetil Steensnæs: gitar, kor
Kristian Kvalvaag: gitar, kor
Mikael Lindqvist: orgel, piano, synthesizer
Ruben Fredheim Oma: bass, kor
Karl Oluf Wennerberg: trommer, kor
Tøyen barnekor dirigert av Sølvi Hansen: kor

Tekst & musikk: Tom Roger Aadland
Omslag: Raffaele Malanga, Far Studios, London