Songfugl

2018

Rockepoeten Tom Roger Aadlands sjuende album, «Songfugl», har blitt betegnet som hans mest standhaftige og selvsikre – og emosjonelle. Det er allerede sluppet tre singler fra plata, som alle har fått en varm mottagelse. «Sommaren utan ende» ble betegnet som «en bauta av en poplåt» da den kom ut i fjor sommer, mens hyllesten «Vestland, Vestland» raskt ble en publikumsfavoritt. For noen uker siden kom kjærlighetsballaden «Alle dei i ei», som straks ble spillelistet av NRK P1. «Songfugl» er produsert av Lars Voldsdal, og i tillegg til Tom Rogers faste, fremragende studioband, inneholder plata noen spennende gjesteopptredener.

Tekstar

  • 1Vestland, Vestland

    Vestland, Vestland, mitt mørke fastland
    Min barnelærdom, min ungdoms elsk
    Vestland, Vestland, mitt alt fell på plass-land
    Eg kan framkalle deg frå kor som helst

    Eg har gått langs dine fjordar
    Eg har stått på dine snødekte fjell
    Eg har sett himmelen, eg har sett jorda
    Vakrast er havet ditt, likevel

    Vestland, Vestland, mitt bruk og kast-land
    Med boreriggar og pengesug
    Vestland, Vestland, mitt vakre kontrastland
    Kor enn eg reiser, kjem eg deg i hug

    Eg kan sjå deg for mitt indre
    Eg kan høyre deg, kor enn eg fer
    Den smerta finst kje som du ikkje kan lindre
    Du gjer meg heil, det er det du gjer

    Vestland, Vestland, eg hugsar deg best, land
    Med vinden i ditt regnvåte hår
    Vestland, Vestland, eg saknar deg mest, land
    Når lyset vert for dust her kor eg går

    Eg vakna midt på natta
    Eg vakna i mitt eksil
    Fann fram gitaren, bleik, men fatta
    Drog over strengane med tårevått smil

    Vestland, Vestland, mitt mørke fastland
    Min manndomsprøve, mi alderdoms trøyst
    Vestland, Vestland, mitt alt fell på plass-land
    Kvar gong eg ser deg, blir eg litt forløyst

  • 2Alle dei i ei

    Ei som kan veve draumar
    Ei som kan riste meg vaken
    Ei som kan sjå meg inni auga
    Ei som kjem til meg naken

    Ei som har ei historie
    Ei som er sannferdig
    Ei som kjem til meg utan glorie
    Ei eg ikkje er verdig

    Og du er alle dei i ei
    Ja, du er alle dei i ei
    Hausten kjem for tidleg
    Våren for seint
    Men du er alle dei i ei

    Du er alle dei i ei
    Ja, du er alle dei i ei
    Ein dag skal me finne
    Den tapte vegen heim
    Du er alle dei i ei

    Ei som blenkjer i det fjerne
    Ei som legg seg tett inntil meg
    Ei som er ei leiestjerne
    Ei som kviskrar kva ho vil meg

    Ei som kan vere alvorleg
    Ei som er lett og ledig
    Ei som ser når eg har det dårleg
    Ei som er mi for evig

    Og du er alle dei i ei
    Ja, du er alle dei i ei
    Straumen er så stri her
    Elva så brei
    Men du er alle dei i ei

    Du er alle dei i ei
    Ja, du er alle dei i ei
    Ein dag skal me finne
    Den tapte vegen heim
    Du er alle dei i ei

    Ei som er tru i det store
    Ei som ser mot horisonten
    Ei som kan dekkje på bordet
    Ei som søkjer seg til fronten

    Ei som skil seg ifrå mengda
    Ei som tør å tenkje annleis
    Ei som går vegen heile lengda
    Ei eg elskar framleis

    Og du er alle dei i ei
    Ja, du er alle dei i ei
    Første gong eg såg deg
    Var det som eit teikn
    Du er alle dei i ei

    Du er alle dei i ei
    Ja, du er alle dei i ei
    Ein dag skal me finne
    Den tapte vegen heim
    Du er alle dei i ei

  • 3Skal eg tilgje

    Skal eg tilgje deg
    Etter kva du har gjort
    Skal eg halde fred
    Leggje det vonde bort

    Skal eg ta imot
    Løftet som du kjem med
    Om betring og om bot
    Skal eg tru på det

    Alt er
    Brote her eg står
    Alt her
    Ligg som knuste skòr

    Alle drøymer om
    Å høyre til ein stad
    Du saug meg så tom
    Tok det du ville ha

    Du såg aldri meg
    Trur eg, nokon gong
    Du såg berre det
    Det som du sjølv trong

    Alt er
    Brote her eg står
    Alt her
    Ligg som knuste skòr

    Skal eg tilgje deg
    Etter kva du har gjort
    Skal eg halde fred
    Leggje det vonde bort

  • 4Ein dag

    Ein dag ser du du er halden
    Av ei varm og varleg hand
    Som ein fugl funne fallen
    Og løfta ømt opp av einkvan

    Ein dag ser du du er elska
    Med ein kjærleik som gjev tol
    Alt mens du sveiv rundt i vilska
    Vart du styrt imot eit mål

    Ein dag ser du du er arving
    Til ei formue så stor
    Treng kje bry deg om eit skarve
    Tap av tittel eller jord

    Ein dag ser du du er henta
    For å stå ein annan nær
    Ein dag ser du du er venta
    At nokon støtt har hatt deg kjær

  • 5Det vakraste ordet

    Eg står her blant kjerald og sundbrotne kar
    Mens eg tenkjer på tida, den tida det tar
    Ifrå lynet slår ned til ein først høyrer larmen av tore
    Eg tenkjer på korleis det heile er fatt
    Og eg tenkjer på om du søv åleine i natt
    Og eg tenkjer på banda, dei banda me batt
    Og på andletet ditt då du lærte meg at
    Kjærleik er det vakraste ordet

    Eg tenkjer på kven som skauv båten ifrå
    Du stod og såg vekk og sa du måtte gå
    Medan lagnaden la seg, blytung og grå, i kvar pore
    Alt første gong eg såg deg, vart eg mest sjuk
    Du smilte til meg med eit andlet så mjukt
    Og sende meg vasskrukka, halvvegs i smug
    Og sa eg måtte leggje meg grundig på hug
    At kjærleik er det vakraste ordet

    Eg tenkjer på alt som eg hadde så kjært
    Eg ligg vaken og ønskjer eg hadde deg her
    Men eg ber på ei kjensle av at denne gong er eg på sporet
    Mange val har blitt gjort sidan me møttest sist
    Me er begge litt endra, og det gjer meg litt trist
    Men dei seier det blømer iblant på berr kvist
    Og eg er kje i tvil, nei, eg veit det for visst
    Kjærleik er det vakraste ordet

    Eg trur ikkje anna enn det eg kan sjå
    Spør nett kven du vil, eg er skeptisk som få
    Men mirakel kan skje så vel i det små som i det store
    Så sov, du, og vit at ein morgon skal gry
    Og at ein dag skal me vakne opp i ein by
    Der me saman skal søkje eit sikrare ly
    Og kvar dag få lære på ny og på ny
    At kjærleik er det vakraste ordet

  • 6Sommaren utan ende

    Eg hugsar enno sommaren då alle ting vart annleis
    Om eg lukkar auga, kan eg sjå det for meg framleis
    Formene og fargane og skuggane og ljoset
    Varmen ifrå asfalten, dufta av ei nyperose
    Hundekjeks og honningblom og løvetann og kløver
    Vere vilt forelska, prøve tenkje ut ein lur manøver
    Eg hugsar djupe lengsler, eg hugsar høge stengsler
    Eg hugsar porten som song sårt ein song på rustne hengsler
    Sommaren utan ende
    Sommaren allting hende

    Fire-fem fisk, to-tre brød, ein flokk med måkar midt i fjorden
    Storebror min, sneip i kjeften, krumbøygd over båtmotoren
    Jentene som over natta blei til underfulle englar
    Gutane som like fort skaut opp som mistilpassa stenglar
    Ein gong tok me snarvegen igjennom den forgjorde skogen
    Me åt frukta rett frå treet, lenge før ho var mogen
    Det første kysset, den første rusen
    Eg ville kjent igjen det andletet blant hundretusen
    Sommaren utan ende
    Sommaren allting hende

    Englar står med flammesverd, no, kring det tapte paradiset
    Eg sit på Asylet med ein gamal ven i samlivskrise
    Underleg koss det du held i handa di kan gli ifrå deg
    Undrast kor det blei av deg? Det hender at eg tenkjer på deg
    Eg veit kje kor du er hen, veit kje kva eg sjølv held på med
    Kanskje står eg einkvan stad og syng om alt eg ikkje rår med
    Eg har aldri vore typen som går rundt og mimrar
    Men om eg lukkar auga, ser eg for meg fjorden, som han skimrar!
    Sommaren utan ende
    Sommaren allting hende

  • 7Om du var ein songfugl

    Om du var ein songfugl
    Kva ville eg gjort?
    Eg håpar eg ikkje
    Ville lenka deg til min port
    Men late deg flyge
    Om det var det du trong
    Sjølv om eg veit at eg ville
    Ha sakna din song

    Det kjem mange og spør meg
    Kor hen du er dratt
    Eg veit at dei eigentleg
    Spør om du kjem att
    Eg peikar mot himmelen
    Så vakker i kveld
    Seier du er hjå meg
    Før vårregnet fell

    Eg stirer mot sola
    Til eg er nesten blind
    Mens eg kjenner eit avtrykk
    Du har sett i mitt sinn
    Det var noko du gjorde
    Det var noko du sa
    Ei heilt anna tid
    Ein heilt annan stad

    Om du var ein songfugl
    Kva ville eg gjort?
    Eg håper eg ikkje
    Ville lenka deg til min port
    Men late deg flyge
    Om det var det du trong
    Sjølv om eg veit at eg ville
    Ha sakna din song

  • 8Moskusen på Dovre

    Du burde tenkje på miljøet
    Slik du reiser ifrå meg
    Eg kunne farte heile verda
    Berre for å finne deg

    Tenk på Østerdalens skogar
    Tenk på grøda langs vår kyst
    Tenk på moskusen på Dovre
    Tenk på hjartet i mitt bryst

    Tenk på diesel og karbonspor
    Tenk på havørna som flyg
    Tenk på kvar ein sporv til marka
    Tru ikkje at eg lyg

    Eg kunne tjuvstarte ein trailer
    For å treffe deg på ny
    Eg reiste gjerne rundt på kloden
    Med bil og båt og fly

    Eg kryssa gladeleg ekvator
    For å sjå ditt andlet att
    Du burde tenkje på miljøet
    Og ikkje dra frå meg i natt

    Tenk på Østerdalens skogar
    Tenk på grøda langs vår kyst
    Tenk på moskusen på Dovre
    Tenk på hjartet i mitt bryst

  • 9Eg rodde den djupe fjorden

    Eg tok den sterkt forsømte vegen
    Det var den som gjaldt for meg
    Eg var opprådd og forlegen
    Men eg måtte treffe deg

    Og eg gjekk den tronge dalen
    Alle veik eg råka på
    Eg vart halden for ein galen
    Men eg måtte berre gå

    Og eg rodde den djupe fjorden
    Medan regnet auste ned
    Eg ville spørje kreditoren
    Om han kunne gje deg fred

    Og eg sigla det stormfulle havet
    Eg vart kasta hit og dit
    Ville be dei revurdere kravet
    Alle saman slit

    Og eg glei stilt som inn i himmelen
    Alt omkring meg lyste kvitt
    Og umiskjenneleg i vrimmelen
    Såg eg det gode andletet ditt

  • 10Ein ven i verda

    Om du har ein ven i verda
    Kan du klare mykje meir
    Om du har følgje på ferda
    Er det mindre farleg kor du slår leir

    Far i veg med mi velsigning
    Eg er stolt av den du er
    Eg er langt frå nokon helgen
    Men du veit eg har deg kjær

    Du har din kross som du må bere
    Du har din veg som du må gå
    Du har eit par ting til å gjere
    Men du er verd å vente på

    Om du har ein ven i verda
    Kan du klare mykje meir
    Om du har følgje på ferda
    Er det mindre farleg kor du slår leir

    Alle er me immigrantar
    Komne frå ein annan stad
    Me står og ser til alle kantar
    Men ingenting er som dei sa

    Legg deg ned her ved mi side
    Du er sliten, kan eg sjå
    Legg deg ned, du treng å kvile
    For du har ein veg å gå

    Om du har ein ven i verda
    Kan du klare mykje meir
    Om du har følgje på ferda
    Er det mindre farleg kor du slår leir

Bidragsytere

Produsert av Lars Voldsdal
Mikset av Lars Voldsdal
Mastret av Björn Engelmann ved Cutting Room, Stockholm

Tom Roger Aadland: vokal, munnspill, akustisk gitar, strykearrangement
Kjetil Steensnæs: akustisk og elektrisk gitar, barytongitar, pedal-steelgitar, banjo, piano, kor Sigbjørn Apeland: harmonium, hammondorgel, kor
Tor Egil Kreken: bass, banjo, elektrisk gitar, kor
Erland Dahlen: slagverk, perkusjon, pauker, klokkespill, rørklokker, dulcimer, sag, piano, omnichord, droneboks, trommeprogrammering, kor
Anne Lise Frøkedal: vokal (Skal eg tilgje), synthesizer
Ingrid Andsnes: flygel (Det vakraste ordet)
Lars Håvard Haugen: el-gitar (Moskusen på Dovre)
Lise Voldsdal: fiolin, kor, strykearrangement
Ragnhild Lien: fiolin
Isa Caroline Holmesland: bratsj
Kaja Fjellberg Pettersen: cello
Ole-Jacob Ebbesen, Benjamin Valen Aadland: kor (Ein dag)
Lars Voldsdal: el-gitar

Grafisk design & web: Raffaele Malanga
Foto: Geir Dokken, Arash Taheri
Alle sangene: Tekst og musikk: Tom Roger Aadland © 2018