Lysvandring

2024

“Lysvandring” (“Light Walk”) is the title of Tom Roger Aadland’s new album – his eleventh. This acoustic solo album contains nine new songs recorded at home with just Tom Roger and his guitars. He uses his old classical guitar on three of the central tracks, but a twelve-string, a steel-string and a semi-acoustic are also being used. “Lysvandring” has been produced by Kjetil Steensnæs, whose idea this album originally was.

Lyrics

  • 1Alt eg treng

    Langs aude vegar har eg ofte gått
    Så ingen mann ber vitne om mi ferd
    Men eg har skoda skur, så vel som slott

    Og brote brød med både lek og lærd
    Og vore folk til glede – og til mein
    Og stundom svinga pennen som eit sverd

    For vegen min har aldri vore ein
    Men mange små, lik dropar i ei elv
    Og vegen min har aldri vore bein

    Men sjå på ospelauvet, som det skjelv
    Om sommarbrisen rører det så vidt
    Der det heng utstrekt under himmelkvelv

    Og langsamt har eg skjøna, litt om litt
    At alt eg treng, det er meg gjeve fritt

  • 2Ditt vakre sinn

    Den gong ei rose flaut på elva
    Og lufta rundt var still og klar
    Såg eg ospelauvet skjelva
    Omkring den staden der du var

    Ville eg berre dra deg nær
    Ville eg ha deg hjå meg her
    Ville eg kjenna varmen din
    Ville eg sjå ditt vakre sinn

    Den gong du stod der ved eit skilje
    Og alt var i det blå
    Skar eg bladet av ei lilje
    Visste ikkje anna råd

    Ville berre dra deg nær
    Ville ha deg hjå meg her
    Ville kjenna varmen din
    Ville sjå ditt vakre sinn

    I blader og aviser står side opp og ned
    Om samanbrot og kriser og alt som følgjer med
    Eg kan kje seie eg hugsar heilt vegen som me kom
    Eg kan kje gje eit snøgt svar på det du spør meg om

    Ein dag når vindane har stilna
    Skal me finna saman att
    Ein dag når andleta har mildna
    Skal me gå inn i vår natt

    Skal eg berre dra deg nær
    Skal eg ha deg hjå meg her
    Skal eg kjenna varmen din
    Skal eg sjå ditt vakre sinn

  • 3Reint bord

    Eg sitte her på kjøkenet
    Med bildene og bøkene
    I håvet itte alle våre år
    Og det me va og det me blei
    Og det me sa og det me ville sei
    Kom som kasta på meg seint i går

    Du sa me drog kje samme vei
    Og eg sa: «Jo!» og du sa: «Nei!»
    Så sa me ikkje mær på ei god stund
    Og aldri ska eg sjå deg stå
    Og strekka deg mot det stora blå
    Og tanken på det, den gjør ganske vondt

    For me kan kje gå tebake
    Elle flykta øve taket
    Og det fins jo ikkje maken te deg
    «Nå får det gå sin gang», sa du
    Å, herregud, så eg grue meg

    Du sa me kunne dela likt
    På kjørlene og bestikket
    Med bildene, dei ville du gjerna ha
    Eg e vel ikkje mer te mann
    Eg stakk vekk et stikk av Vebjørn Sand
    Og eg vett kje eingong om eg syns han e bra

    Flyttefolkå ba meg sei
    Om alt sko vekk. elle ka det blei te
    Eg peikte bare, fekk kje fram et ord
    De misforstod meg littegrann
    Så ein av dei tok Vebjørn Sand
    Og alt så e igjen her, e reint bord

    For me kan kje gå tebake
    Elle flykta øve taket
    For det fins jo ikkje maken te deg
    «Nå får det gå sin gang», sa du
    Å, herregud, så eg grue meg

    Eg sitte her og drikke vin
    Eg e jo ikkje ein maskin
    Må letta litt av trykket av og te
    Eg røyke litt og skrive litt
    Og kjenne at det rive litt
    Og lure på om eg hadde klart å be

    Om du sko ombestemma deg
    Så la meg ikkje hemma deg
    Og kanskje får me te ein nye start
    Og det me blei og det me va
    Og det me ville seie og det me sa
    E långt frå samme ting, det ser eg klart

    Og me kan kje gå tebake
    Elle flykta øve taket
    Men det fins jo ikkje make te oss
    Eg kan kje bare la deg gå
    Eg elske deg, og eg har tenkt å slåst

  • 4Svermar og tater

    Vel, eg måtte drepa bonden
    Han tynte meg med krav
    Det holdt hardt den siste runden
    Men så måtte han takka av
    Og eg va med og bar kistå
    Og la ner ein fine krans
    Og leste opp dei så stod på listå
    Og drog rett derfrå på dans

    «Du e svermar, du e tater»
    Sa de te meg og gliste rått
    For om eg går i trånge gater
    Ser eg ei stripa himmelblått

    Eg fekk nok av økonomen
    Han kom te meg med sine tal
    Sine varsler, tegn og omen
    Og sa eg måtte dyrka Baal
    Han må ha tatt meg for ein aen
    Nei, han kjente ikkje meg
    Eg grov han ner og gjømte spaden
    Så drog eg for å finna deg

    «Du e svermar, du e tater»
    Sa de te meg og gliste rått
    For om eg går i trånge gater
    Ser eg ei stripa himmelblått

    Og eg såg ein skada svermar
    Han bare virra rundt i ring
    Målet kom han aldri nærmare
    Og han begreip visst ingenting
    Me to e ganske like
    Kom det for meg der eg satt
    Me hige itte lysets rike
    Håpe stige når mørket senke seg kvar natt

    «Du e svermar, du e tater»
    Sa de te meg og gliste rått
    For om eg går i trånge gater
    Ser eg ei stripa himmelblått

  • 5Sei meg, venninna

    Sei meg, venninna, ka tenke du på?
    Kim kan du vel finna med auer så blå?
    Så komme deg i møte, ka enn du har gjort
    Og har med druer så søte av finaste sort

    Men eg angre slettes ingenting
    Så sett deg attmed meg og syng
    At ein dag e reiså forbi
    Men i kveld gir me styrmannen fri

    Sei meg, venninna, ka tenke du på?
    Kor kan du forsvinna, kor hen kan du gå?
    Det e tela i jordå, det e vinter og kaldt
    Det er ferskt blod i sporå og snø øvealt

    Men eg angre slettes ingenting
    Så sett deg attmed meg og syng
    At ein dag e reiså forbi
    Men i kveld gir me styrmannen fri

    Sei meg, venninna, ka tenke du på?
    Eg rote i blinde, eg klare ikkje sjå
    Kor hen me tok feil på den veien me gjekk
    Og ka som hadde vore et smartare trekk

    Men eg angre slettes ingenting
    Så legg deg innte meg og syng
    At ein dag e reiså forbi
    Men i kveld gir me styrmannen fri
    Ja, ein dag e reiså forbi
    Men i kveld gir me styrmannen fri

  • 6Boka om oss

    Nokon kjem til å skrive ei bok
    Om alt det me gav og alt det me tok
    Om kjensla av urettvist tilrana ro
    Boka om oss må skrivast med blod

    Nokon kjem til å skrive ei bok
    Om sinna me sette i kok
    Om alle som dirra, alle som grein
    Boka om oss vil hoggast i stein

    Nokon kjem til å syngje ein song
    Om alt som var mellom oss to nokon gong
    Om alt det me prøvde å halde oss i
    Gi meg eit kjapt kyss om du kjem forbi

    Nokon kjem til å skrive ei bok
    Og kvar ein som les ho, er like klok
    Sola gir varme enno ei stund
    Gi meg eit kyss med halvopen munn

    Nokon kjem til å binde ein krans
    Om alt det som song i oss utan stans
    Sola står lågare, no, for kvar dag
    Visst vann me krigen, me berre tapte eit slag

    Nokon kjem til å skrive ei bok
    Med spettar av lys, som solskin i skog
    Sei kor du er hen i kveld, om du kan
    Boka om oss vert skriven i sand

  • 7Lysvandring

    Deg og meg ei morgenstund
    Så unge at ein kan få vondt
    Lyset falle på oss, mjukt
    Og begge lengte lika sjukt
    Og begge uten fnugg av tvil
    Og begge kan gå tusen mil
    Og kanskje e det Paradis
    Minne litt om Møhlenpris

    Deg og meg i sommarsol
    Me sitte visst i samme stol
    Vilt forelska midt på dagen
    Eg har kysset ditt på kragen
    Ingenting kan henda oss, nei
    Ikkje tørke, ikkje frost
    Me sveve lågt på Danmarksplass
    Mens tyngdekraftå melde pass

    Deg og meg i gyllent lys
    Det bildet gir meg kuldegys
    Blikket ditt e fjernt og matt
    Og allting e på vei mot natt
    Og ennå henge solå der
    Men alle vett hu går snart ner
    Og gylne ting blir askegrå
    Eg tror det e på Laksevåg

    Deg og meg rundt midnattstid
    Når vonde vetter drar forbi
    Og skyggane får kropp og sjel
    Og komme og vil ha sin del
    Og mørket falle på oss to
    Eg av kjøt, og du av blod
    Og der står eg, og snart går du
    Frå Fosswinchels gate sju

  • 8Godt nytt frå fronten

    Godt nytt ifrå fronten, dei forfremma meg i dag
    Dei sa eg hadde utmerkt meg i kongens siste slag
    Eg veit kje heilt kva dei har sett, for eg var magesjuk
    Timane rett før eit slag er latrina tidt i bruk

    Men kongen sa at det han hadde sett, var nok for han
    Og at det lyste lang veg at eg var ein trugen mann
    At han ikkje ville angre på at eg vart flytta fram
    Og at sekel fram i tid vil alle kjenne til mitt namn

    Kongen er ein god mann, interessert i meg og mitt
    Han spurde fleire gonger om det fine smilet ditt
    Og sa eg måtte helse, om eg ein gong skreiv eit brev
    Eg veit kje kva han meinte, heilt, men det kjendest liksom gjævt

    Når eg kjem heim frå fronten, skal eg kjøpe deg eit hus
    Med liljer, gladiolar og ein kjælen kattepus
    For med auget kongen har til meg, vil alt gå bra for oss
    Kjærleg helsing Urias, men no må eg visst på post

  • 9Salmer unda palmer

    Presidenten talte te nasjonen
    Eg forstod kje alt han sa, men eg likte tonen
    Det gjelde å skilla små ting frå de store
    Det va det den forrige ikkje gjorde

    Eg har hatt mine små problemer
    Små sammenbrudd i mine trussystemer
    Men nå ser eg ei ny sol så stige
    Nåke e på gang, eg e i siget

    Eg skrive salmer unda palmer
    I min krok av Paradis
    Bølgebruset og palmesuset
    Det e så vakkert her at blod kan bli te is

    Du har vel hørt om Adam og Eva
    Så måtte finna ut i ein fart ka det ville sei å leva
    Det blei kje bedre av at slangen
    Smøyg seg inn og ut av aftensangen

    Det gjekk så du kanskje kunne ana
    Eva kjørte fluktbilen når Adam va og rana
    Ingen kunne stoppa de på den villa ferdå
    Ikkje eingong erkeenglane med flammesverdå

    Eg skrive salmer unda palmer
    Mens nattå tar imot meg, mjukt
    Bølgebruset og palmesuset
    Men ennå krype slangen på sin buk

    Altfor månge her så slåst om altfor lite
    Kan få dårlige samvittighet av bare å værr kvite
    Av og te sitte sangen fast i strupå
    Her e kje nok plass å snu på

    Eg like best når nattå falle
    Eg kjenne mången lydar her, men ikkje alle
    Eg hørre froskar og sirissar
    Og glømme alt om troll og nissar

    Eg skrive salmer unda palmer
    Og hørre liksom fjernt et kor
    Av bølgebruset og palmesuset
    Me e farlause og har kje nåken mor

    Det hende eg tenke på Dante Alighieri
    Og på tomrommet han må ha stirra ner i
    I eksil mens pesten herja
    Det kan værr tøft nok å ikkje nå ei ferja

    Ein dag ska eg ta meg øve floden
    Når tiå e moden
    Ska eg gå gjønå det høga graset
    Mens striden rundt meg ennå rase

    Eg skrive salmer unda palmer
    Det kan gå ein evighet
    Bølgebruset og palmesuset
    Men ein gong må me ta te vet

    Eg tenke på dei så ropte: «Hosianna!»
    Og neste helg va kvilelaust forbanna
    Det hjalp kje alt det Pilatus vaskte hendå
    Blodet regne øve Palestina ennå

    Eg lengte itte påskemorgen
    Alt ser litt lysare ut om våren
    Eg tenke på steinen og den tomma gravå
    Og lure på ka eg ska gjør med avskjedsgavå

    Eg skrive salmer unda palmer
    Og prøve hardt å gi meg hen
    Te bølgebruset og palmesuset
    Ti tusen mil frå det nya Jerusalem

    Eg ser långt fram og långt tebake
    Batseba så bade på taket
    Dahlila så klyppe av Samson håret
    Mången ting har skjedd det sista året

    Eg lese Johannes’ Åpenbaring
    Og hørre om massemordarens forvaring
    Eg tenke på engelen så blåse i luren
    Men eg angre ikkje på at eg tok turen

    Eg skrive salmer unda palmer
    I min krok av Paradis
    Bølgebruset og palmesuset
    Det e så vakkert her at blod kan bli te is

Credits

Produced by Kjetil Steensnæs
Mixed by Kjetil Ulland, ABC Studio
Mastered by Espen Høydalsvik, OSLO:Fuzz

Tom Roger Aadland: vocals, guitar

Instruments: Alejandro 1983, Guild D50NT, L’Arrivée L-03-12, Gibson ES-165

Design & web: Raffaele Malanga
Photo: Birte Magnussen
All songs: Words and music: Tom Roger Aadland © 2024