Lyrics
1Før di tid
Før di tid bøygde månen seg i støvet
Før di tid knekte eg nakken på ei løve
Før di tid, før alt som skulle skje
Kjære barn, ikkje minn meg om detFør di tid fanst ikkje det bord eg ikkje ville velte
Før di tid køyrde eg førti mil utan belte
Før di tid, før du kom og gav meg fred
Kjære barn, ikkje minn meg om detFør di tid, før du fanst
Slo eg vitsar utan stans
Før di tid, før du kom
Var eg den galne kongens yndlingsklovnFør di tid rann det vin i kvar fontene
Før di tid skein det lys på kvar ein scene
Før di tid, før det grønka på kvart tre
Kjære barn, ikkje minn meg om detFør di tid, før du fanst
Slo eg vitsar utan stans
Før di tid, før du kom
Var eg den galne kongens yndlingsklovnFør di tid var eg i vinden, var eg jaga
Før di tid var eg velsigna, var eg plaga
Før di tid, før nåden strøymde ned
Kjære barn, ikkje minn meg om det
Kjære barn, ikkje minn meg om det