Eg har fremmedfrykt for alle dei ifrå Normalia
Får meg te å føla meg så ein paria
Eg blir urolige av altfor solide folk
Då stole eg mer på dei så sitte djupt i det
Av alle leresveinane, har eg mest tru på Judas
Eg trur at det går an å svika nåken ein forguda
Og tenk på Simon Peter, så sa: «Kjenne ikkje den maen!»
Han sa det flerre gonger, òg, heilt te han hørte hanen
Og Kristus holdt seg visstnok mest med syndarar og horer
Han brukte ikkje tiå på å klyppa øve snorer
Og Gandhi gjekk omkring i sine himasydde bleier
Men lika fullt så leda han Mor India te seier
Eg vett kje ka det gjør å kjøra rundt med diplomatskilt
Eg tenke jo at liv og lera lett kan bli litt adskilt
Holocaust blei vedtatt på høytidelige møter
Då stole eg mer på dei så går omkring på bare føter
Eg har fremmedfrykt for alle dei ifrå Normalia
Får meg te å føla meg så ein paria
Eg blir urolige av altfor solide folk
Då stole eg mer på dei så sitte djupt i det
Det skremme meg når altfor månge omfavne det trygga
Nei, gi meg heller folk i dialog med sine skyggar
Pinochet og Stalin hadde ingen diagnose
Då stole eg mer på han så jakte dagens siste dose
Og Pappa, han va flyktning, svømte frå ein båt i Sverige
Eg ser han for meg, kara seg i land på glatta berget
Og Mamma, så va unge, skilte mor på femtitalet
Eg føle ikkje fellesskap med nåken normale
Nei, gi meg Prøysen, gi meg Friele, gi meg alle skeive
De sa: «Kor e diplomet ditt?» Eg svarte de: «Eg heiv det»
Og stilte meg på siå av de andre nere i skiten
Og eg har kje tenkt å gi meg, sjøl om sjelå mi blir sliten
Eg har fremmedfrykt for alle dei ifrå Normalia
Får meg te å føla meg så ein paria
Eg blir urolige av altfor solide folk
Då stole eg mer på dei så sitte djupt i det