Lyrics
1Alle dei i ei
Ei som kan veve draumar
Ei som kan riste meg vaken
Ei som kan sjå meg inni auga
Ei som kjem til meg nakenEi som har ei historie
Ei som er sannferdig
Ei som kjem til meg utan glorie
Ei eg ikkje er verdigOg du er alle dei i ei
Ja, du er alle dei i ei
Hausten kjem for tidleg
Våren for seint
Men du er alle dei i eiDu er alle dei i ei
Ja, du er alle dei i ei
Ein dag skal me finne
Den tapte vegen heim
Du er alle dei i eiEi som blenkjer i det fjerne
Ei som legg seg tett inntil meg
Ei som er ei leiestjerne
Ei som kviskrar kva ho vil megEi som kan vere alvorleg
Ei som er lett og ledig
Ei som ser når eg har det dårleg
Ei som er mi for evigOg du er alle dei i ei
Ja, du er alle dei i ei
Straumen er så stri her
Elva så brei
Men du er alle dei i eiDu er alle dei i ei
Ja, du er alle dei i ei
Ein dag skal me finne
Den tapte vegen heim
Du er alle dei i eiEi som er tru i det store
Ei som ser mot horisonten
Ei som kan dekkje på bordet
Ei som søkjer seg til frontenEi som skil seg ifrå mengda
Ei som tør å tenkje annleis
Ei som går vegen heile lengda
Ei eg elskar framleisOg du er alle dei i ei
Ja, du er alle dei i ei
Første gong eg såg deg
Var det som eit teikn
Du er alle dei i eiDu er alle dei i ei
Ja, du er alle dei i ei
Ein dag skal me finne
Den tapte vegen heim
Du er alle dei i ei
Credits
The song has been produced by Lars Voldsdal and recorded at Velvet Recording, Spydeberg with musicians Kjetil Steensnæs (guitar, piano), Tor Egil Kreken (bass, guitar) og Erland Dahlen (drums). In addition Oslo Strings participates: Lise Voldsdal (violin and string arrangement), Ragnhild Lien (violin), Isa Caroline Holmesland (viola) and Kaja Fjellberg Pettersen (cello). Mastering by Björn Engelmann, Cutting Room, Stockholm. Photo: Geir Dokken. Cover art: Raffaele Malanga.