Utgivelser:

  • Det du aldri sa

Eg fall for deg for alvor i ei sliten Folkevogn
Ein stad på vegen mellom Romsdalen og Sogn
Eg veit kje heilt nøyaktig kor, det var som verda svann
Att var berre sjela di, og hjartet mitt som brann

Og sola sokk i havet medan håpet sokk i meg
Då einkvan nemnde namnet på han som gjaldt for deg
Ei form for fred forlét meg medan ferja la til lands
Blikket ditt og lengta mi var det einaste som fanst

Eg rakar rundt i glørne, eit bilete tek form
Du seier noko til meg ifrå auget av ein storm
Skulle gjerne hatt ein kjentmann, ein som visste om ei leid
Men alt eg har er arret frå eit sår som berre svei

Å, katten min har spasmar og hunden min er døv
All varme eg har kjent på skal eingong bli til støv
Eg ser meg over skuldra, tenkjer, «Det var det eg rakk»
Eg har kje høyrt ei plate, ikkje sidan stiften brakk

I dagar og i netter såg eg etter deg
Eg kjenner kvar ein hårnålssving av det som blei min veg
Eg skulle ikkje ha sirkla, eg skulle ha gått beint
Eg skulle ha teke det du aldri sa slik det var meint

Eg fall for deg for alvor i ei sliten Folkevogn
Ein stad på vegen mellom Romsdalen og Sogn
Eg veit kje heilt nøyaktig kor, det var som verda svann
Att var berre sjela di, og hjartet mitt som brann