Sommaren utan ende – Singel

2017

Tom Roger Aadland har med «Sommaren utan ende» rett og slett laget en fengende, melodiøs poplåt med et lyst og varmt lydbilde, og med en lett vemodig feelgood-faktor. Som tittelen tilsier, handler sangen om den sommeren – en gang da du var 14-15-16 år – som du trodde skulle vare evig, men som aldri kommer igjen. «Fire-fem fisk, to-tre brød, ein flokk av måkar midt i fjorden/Bror min med ein sneip i kjeften, krumbøygd over båtmotoren». En sang om «jentene som over natta blei til underfulle englar» og «gutane som like fort skaut opp som mistilpassa stenglar».

Tekstar

  • 1Sommaren utan ende

    Eg hugsar enno sommaren då alle ting vart annleis
    Om eg lukkar auga, kan eg sjå det for meg framleis
    Formene og fargane og skuggane og ljoset
    Varmen ifrå asfalten, dufta av ei nyperose
    Hundekjeks og honningblom og løvetann og kløver
    Vere vilt forelska, prøve tenkje ut ein lur manøver
    Eg hugsar djupe lengsler, eg hugsar høge stengsler
    Eg hugsar porten som song sårt ein song på rustne hengsler
    Sommaren utan ende
    Sommaren allting hende

    Fire-fem fisk, to-tre brød, ein flokk med måkar midt i fjorden
    Storebror min, sneip i kjeften, krumbøygd over båtmotoren
    Jentene som over natta blei til underfulle englar
    Gutane som like fort skaut opp som mistilpassa stenglar
    Ein gong tok me snarvegen igjennom den forgjorde skogen
    Me åt frukta rett frå treet, lenge før ho var mogen
    Det første kysset, den første rusen
    Eg ville kjent igjen det andletet blant hundretusen
    Sommaren utan ende
    Sommaren allting hende

    Englar står med flammesverd, no, kring det tapte paradiset
    Eg sit på Asylet med ein gamal ven i samlivskrise
    Underleg koss det du held i handa di kan gli ifrå deg
    Undrast kor det blei av deg? Det hender at eg tenkjer på deg
    Eg veit kje kor du er hen, veit kje kva eg sjølv held på med
    Kanskje står eg einkvan stad og syng om alt eg ikkje rår med
    Eg har aldri vore typen som går rundt og mimrar
    Men om eg lukkar auga, ser eg for meg fjorden, som han skimrar!
    Sommaren utan ende
    Sommaren allting hende

Bidragsytere

«Sommaren utan ende» er produsert og mikset av Lars Voldsdal (Madrugada, Hellbillies) og innspilt i Velvet Recording med Kjetil Steensnæs (gitar), Sigbjørn Apeland (hammondorgel), Tor Egil Kreken (bass), og Erland Dahlen (slagverk). I tillegg medvirker Oslo Strings: Lise Voldsdal (fiolin og strykearrangement), Ragnhild Lien (fiolin), Isa Caroline Holmesland (bratsj) og Kaja Fjellberg Pettersen (cello). Mastringen er gjort av Björn Engelmann, Cutting Room, Stockholm, mens det grafiske designet er ved Raffaele Malanga, Far Studios, London.