Motgift

2021

«Motgift» er tittelen på Tom Roger Aadlands niende album. For ett års tid siden satt han og så gjennom de nye låtene han hadde skrevet. «Hva er det disse sangene handler aller mest om?» var spørsmålet han stilte seg. Sårbarhet, var ordet som slo ham. «Motgift» er et album som innehar både lys og mørke. Musikken har brodd og overskudd, tekstene er kanskje de beste han har skrevet.

Tekstar

  • 1På veg til deg

    Spelar inga rolle om eg blir heidra eller må sone
    Om eg syng som ein engel eller knapt får fram ein tone
    Om ikkje namnet mitt blir nemnt i lag med mektige menn
    Det som betyr noko, er kor eg er på veg hen

    Eg er på veg til deg
    Eg er på veg til deg
    Alt rundt meg har eit forunderleg preg
    Kvar gong eg ser opp, har vegskilta endra seg
    Men det er i tillit eg tar mine steg
    Eg er på veg
    Eg er på veg til deg

    Har ingenting å seie om eg slår eller blir slegen
    Om eg sjanglar der eg står, om eg ramlar midt i vegen
    Om eg kjem meg opp, for så å falle igjen
    Det som betyr noko, er kor eg er på veg hen

    Eg er på veg til deg
    Eg er på veg til deg
    Alt rundt meg har eit forunderleg preg
    Kvar gong eg ser opp, har vegskilta endra seg
    Men det er i tillit eg tar mine steg
    Eg er på veg
    Eg er på veg til deg

    Er ingen katastrofe om eg blei avleidd ifrå stien
    Om eg enno ei stund er hjå deg berre i fantasien
    Om ikkje du nett no ser lyset ifrå bålet mitt som brenn
    Det som betyr noko, er kor eg er på veg hen

    Eg er på veg til deg
    Eg er på veg til deg
    Alt rundt meg har eit forunderleg preg
    Kvar gong eg ser opp, har vegskilta endra seg
    Men det er i tillit eg tar mine steg
    Eg er på veg
    Eg er på veg til deg

  • 2Små sår

    Kvart år på denne tida
    Kjem vonde tankar fram
    Men ein stad på den andre sida
    Skal eg ta deg i min famn
    Saman skal me elske
    Mens ei ny sol stig frå hav
    Du var den ingen riktig kunne frelse
    Du var for skada og for sta

    Små, små sår
    Som dagen fort kan gje
    Somme døyr du av
    Dei fleste døyr du med
    Tvillingsjel
    Med ditt blikk der lengta rår
    Kom, legg deg her eit bel
    Kom med dine sår

    Kva gjorde dei vel med deg
    Den staden der du kom?
    Sa dei til deg at du måtte te deg?
    Forandra dei din song?
    Eg kjenner ikkje lenger
    Ditt trugne hjarte slå
    Tok dei frå deg dine valde venger?
    Sa dei du måtte gå?

    Små, små sår
    Som andre fort kan gje
    Somme døyr du av
    Dei fleste døyr du med
    Tvillingsjel
    Med di skrift på brotne skår
    Kom, legg deg her eit bel
    Kom med dine sår

    I dag såg eg ei vipe
    Det er lenge sidan nå
    Alle draumane me freistar gripe
    Alt me går og ventar på
    Eg skal kje dekke over
    At det er deg eg ser
    Høgt heva over alle tyngdelover
    På ei usynleg bru som ber

    Små, små sår
    Som livet fort kan gje
    Somme døyr du av
    Dei fleste døyr du med
    Tvillingsjel
    Med din sti der ingen går
    Kom, legg deg her eit bel
    Kom med dine sår

  • 3Stadig vakrare

    Du er vakrare, stadig vakrare
    For kvar ny vår som kjem
    Me er saman no, alltid saman no
    Du er min aller beste ven
    Aller beste ven

    Eg likar gløden i ditt blikk
    Di røyst for meg er som musikk

    Du er vakrare, stadig vakrare
    For kvar ny vår som kjem
    Me er saman no, alltid saman no
    Du er min aller beste ven
    Aller beste ven

    Du var ei lise for mi sjel
    Ein sårt og lenge sakna del

    Du er vakrare, stadig vakrare
    For kvar ny vår som kjem
    Me er saman no, alltid saman no
    Du er min aller beste ven
    Aller beste ven

    Og om du reiser bort ei natt
    Veit eg at me skal treffast att

    Du er vakrare, stadig vakrare
    For kvar ny vår som kjem
    Me er saman no, alltid saman no
    Du er min aller beste ven
    Aller beste ven

  • 4Før di tid

    Før di tid bøygde månen seg i støvet
    Før di tid knekte eg nakken på ei løve
    Før di tid, før alt som skulle skje
    Kjære barn, ikkje minn meg om det

    Før di tid fanst ikkje det bord eg ikkje ville velte
    Før di tid køyrde eg førti mil utan belte
    Før di tid, før du kom og gav meg fred
    Kjære barn, ikkje minn meg om det

    Før di tid, før du fanst
    Slo eg vitsar utan stans
    Før di tid, før du kom
    Var eg den galne kongens yndlingsklovn

    Før di tid rann det vin i kvar fontene
    Før di tid skein det lys på kvar ein scene
    Før di tid, før det grønka på kvart tre
    Kjære barn, ikkje minn meg om det

    Før di tid, før du fanst
    Slo eg vitsar utan stans
    Før di tid, før du kom
    Var eg den galne kongens yndlingsklovn

    Før di tid var eg i vinden, var eg jaga
    Før di tid var eg velsigna, var eg plaga
    Før di tid, før nåden strøymde ned
    Kjære barn, ikkje minn meg om det
    Kjære barn, ikkje minn meg om det

  • 5Noko du såg

    Eg var broten som ei pil
    Full av tankar, full av tvil
    Noko hendte
    Det var eit lys du tente
    Eit signal du sendte
    Eg mottok der eg låg
    Eg var såra
    Vart sterkare med åra
    Men at eg var den utkåra
    Det var vel noko som du såg

    Eg låg krølla til ein ball
    I vonde makters vald
    Noko hendte
    Det var eit lys du tente
    Eit signal du sendte
    Eg mottok der eg låg
    Eg var såra
    Vart sterkare med åra
    Men at eg var den utkåra
    Det var vel noko som du såg

    Noko hendte
    Det var eit lys du tente
    Eit signal du sendte
    Det var vel noko som du såg

  • 6April i 64

    Eg vart fødd i april i sekstifire
    Det gjer meg til femtiseks, i alle høve på papiret
    Ein kortstokk full av jokerar, så tørk av deg det fliret
    Og stepp til side mens eg markerer reviret

    Tolv år seinare, nittensyttiseks
    Eg har enno inga aning om vondskapen som veks
    At for kvar ei fin prinsesse finst der òg ei fælsleg heks
    Som kjem på døra di med forgifta saft og kjeks

    Spol fram fort til seint i åttiåtte
    Eg er fireogtjue år og marsjerer til skafottet
    Det var valet mellom det og ein kyklop i ei grotte
    Men eg angrar ingenting, eg berre gjorde det eg måtte

    På eit vis tek eg meg fram til det store skiljet
    Eg står der iblant tistlar og ei og anna lilje
    Det er sant som det er sagt, det er veg der det er vilje
    Men då tusenåret skiftar, står eg mest utan familie

    Verda er ei gåte, du kan gruble og pønske
    Og likevel bli lurt, eg vart slegen ned i Tønsberg
    Fekk mine rivne frå meg imot deira eige ønske
    Alle kleda frå den tida har spor av blod og grønske

    Alt kan reparerast, og det går seg til med åra
    Det er sant som Vinje sa, det veks blomar i såra
    Og i gravferda til far min ligg det fem blomar på båra
    Så kom nærare, mi kjære, la meg kysse bort den tåra

    Sjølv det mektigaste tre har ein gong vore ei lita spire
    Neste rapportering no blir tjuetjuefire
    Det er på den tida eg tenkjer leggje inn det siste giret
    Ta meg opp i tårnet med det høgaste spiret

    Timen er komen for dokteren i salen
    For einkvan med realfag til å felle ned normalen
    For hoffnarren i stykket til å framføre moralen
    Men det var kje deg og meg, det var tida som var galen

    Du var rytmen
    Du var rimet
    Du var den eg tenkte på
    Kvar ein time

  • 7Hard verd

    Det er ei hard verd der ute
    Du treng ei mjuk pute
    Du er åleine der inne
    Du treng ein ven eller ei veninne

    Du kjenner det på kroppen, alle strenar rakt forbi
    Dei tar eit blikk oppi koppen, så får dei frykteleg dårleg tid
    Dei har noko dei må rekke, dei har noko dei må nå
    Men når symptoma dine er vekke, må du kome og helse på
    Du er einsam når du vaknar, einsam når du sovnar inn
    Det er noko du alltid saknar, noko du aldri finn
    Det er ein vind som aldri spaknar, ein dag som aldri gryr
    Og du vrir deg mellom lakena, nett som eit jaga dyr
    Og du prøver på å hugse det du aldri heilt kjem på
    Og du drassar på ein ryggsekk, og du passar på å sjå
    I ballsalar og buler, i kjellarar og kott
    Mens du undrast kva dei skjuler, kor beskjeden kan ha stått

    Det er ei hard verd der ute
    Du treng ei mjuk pute
    Du er åleine der inne
    Du treng ein ven eller ei veninne

    Dei kallar det ein spade, men det kjennest som ein kniv
    Du blør naseblod på badet mens du drøymer om eit liv
    Du får aldri heile svaret, det ligg alltid noko bak
    Og det rir deg som ei mare, det slepper aldri tak
    Og du sjanglar og du ravar og du tar det du kan ta
    Og du kjempar og du kavar, men du kjem deg ingen stad
    Du ligg strekt utover grava mens du bivrar som eit blad
    «Du må slakke litt på krava», var det einaste dei sa
    Somme seier dei ikkje minnest, somme seier diamant
    Men det hardaste som finst, er at ingen snakkar sant
    Alle i si eiga boble, alle nok med seg og sitt
    Alle hensiktene doble, alle hjarta av granitt

    Det er ei hard verd der ute
    Du treng ei mjuk pute
    Du er åleine der inne
    Du treng ein ven eller ei veninne

  • 8Svakaste leddet i lenka

    Det er ein tynn måne som lyser
    Alt det mørke som han hyser
    Eg gjer kje lenger tinga slik eg pleidde
    Dei fleste netter ligg eg vaken
    Mens eg sveittar ut mitt laken
    Eg veit eg er det svakaste leddet

    Eg er det svakaste leddet i lenka
    Eg er det svakaste leddet i lenka
    Eg ser ut på rettarstaden, der familien min sit benka
    Eg er det svakaste leddet i lenka

    Det var dag då eg tok valet
    Om å ta heilt hol på skalet
    Eg hugsar ikkje lenger kva som skjedde
    Men det endra meg for alltid
    Jamvel blodet som renn kaldt i meg
    Eg veit eg er det svakaste leddet

    Eg er det svakaste leddet i lenka
    Eg er det svakaste leddet i lenka
    Her blir styggedomar signa og svovelvatn stenka
    Eg er det svakaste leddet i lenka

    Eg var budd på konsekvensar
    Det er kje slikt som ingen ensar
    Men eg måtte, uansett kor hen det leidde
    Eg har hovudet på blokka
    Men mi tru har ingen rokka ved
    Om enn eg er det svakaste leddet

    Eg er det svakaste leddet i lenka
    Eg er det svakaste leddet i lenka
    Eg står framfor opponenten min med begge armar senka
    Eg er det svakaste leddet i lenka

    Så gode vener, om de finn meg
    Ver barmhjartige og minn meg på
    Kven eg ein gong var, ver ikkje redde
    Me blir sogne inn i straumen
    Der dei strippar oss for draumen
    Og eg veit eg er det svakaste leddet

    Eg er det svakaste leddet i lenka
    Eg er det svakaste leddet i lenka
    No gjer bøddelen seg klar, medan hjartet dansar jenka
    Eg er det svakaste leddet i lenka
    Langt bortanfor det stygge
    Kviler sjelevisst det trygge
    Der ligg velta bord, men sengene står oppreidde
    Det er ein kasse innfor døra
    Der du legg ifrå deg børa di
    Du som er det svakaste leddet

    Eg er det svakaste leddet i lenka
    Eg er det svakaste leddet i lenka
    Men den høgste heilagdomen har eg endå aldri krenka
    Eg er det sterkaste leddet i lenka

  • 9Bli med meg i kveld

    Ingen her i byen vørder vanleg folkeskikk
    Alt dei har respekt for, er den brente jords taktikk
    Eg ser på glørne og veit eg er i klørne
    På dei mest brutale brørne ein kan råke på
    Nokon ting i blikket som du sendte meg i går
    Fortalde meg at det er verd å vente på ein vår
    Så har du trua, og er du ikkje kua
    Så møt meg under brua, og dra med meg herfrå

    Bror min ber bagasjen til ein annan dagen lang
    Mor mi seier støtt at han har noko stort på gang
    Der har du arven, den giftiggrøne fargen
    Og det skjer meg inntil margen, alt som ligg i grus
    Søster mi er berre som ein skugge av seg sjølv
    Og far min står i skråninga og hakkar kråkesølv
    Dei ber åket, og lar andre styre ståket
    Men i går såg eg ein måke, og eg sver at han song blues

    Djupt i hjartet kjenner eg at noko snart må skje
    Men alle som eg spør her, anar ingenting om det
    Dei står og kopar og held på kvart sitt skopar
    Eg står i ørkenen og ropar medan oskeflaka fell
    I kyrkjer og moskear diskuterer dei guds namn
    Men fuglane på himmelen, dei veit dei er i hamn
    Det er stoda, så langt som eg kan skoda
    Så la hjartet ditt få råda og bli med meg i kveld
    Bli med meg i kveld
    Eg har gått på mang ein smell
    Men eg står her likevel
    Det er somme løfte ein berre held

  • 10Hjørdis Marie

    Hjørdis, Hjørdis Marie
    Vil du som eg, kjem du over i kveld
    Eg har ei vinflaske me kan innvie
    Eg har ei kjensle av at du veit kva det gjeld

    Tenk ikkje på alt det du hadde som skar seg
    Tenk ikkje på alt som kje blei noko av
    Tenk ikkje for mykje på korleis det har seg
    Tenk at me er skipbrotne på same hav

    Hjørdis, Hjørdis Marie
    Vil du som eg, kjem du over i kveld
    Eg har ei vinflaske me kan innvie
    Eg har ei kjensle av at du veit kva det gjeld

    Tenk ikkje på far din som svevar der ute
    Tenk ikkje på rykta om konspirasjon
    Tenk ikkje på tårer som fall på di pute
    Tenk at me kan finne ein draum og ei von

    Hjørdis, Hjørdis Marie
    Vil du som eg, kjem du over i kveld
    Eg har ei vinflaske me kan innvie
    Eg har ei kjensle av at du veit kva det gjeld

    Det er for mange her som hatar
    Eg vil kje vere ein av dei
    Det er for mange her som pratar
    Stundom går eg grundig lei

    Hei, Hjørdis, Hjørdis Marie
    Vil du som eg, kjem du over i kveld
    Eg har ei vinflaske me kan innvie
    Eg har ei kjensle av at du veit kva det gjeld

    Hjørdis, Hjørdis Marie
    Vil du som eg, kjem du over i kveld
    Eg har ei vinflaske me kan innvie
    Eg har ei kjensle av at du veit kva det gjeld

Bidragsytere

Produsert av Lars Voldsdal
Mikset av Lars Voldsdal
Mastret av Greg Calbi ved Sterling Sound, New York

Tom Roger Aadland: vokal, akustisk gitar, munnspill
Kjetil Steensnæs: akustisk og elektrisk gitar, barytongitar, pedal-steelgitar, banjo, kor
Kristian Kvalvaag: akustisk og elektrisk gitar, kor
Mikael Lindqvist: piano, hammondorgel, synthesizer, mellotron
Ruben Fredheim Oma: bass, kor
Karl Oluf Wennerberg: slagverk, perkusjon
Lise Voldsdal: fiolin
Kaja Fjellberg Pettersen: cello
Espen Reinertsen: saksofon
Dag Stiberg: saksofon
Lars Voldsdal: perkusjon, elektrisk gitar

Grafisk design & web: Raffaele Malanga
Foto: Edgar G. Bachel
Alle sangene: Tekst og musikk: Tom Roger Aadland © 2021