Blod på spora (Special Edition)

2018

Blod på spora er den norske versjonen av Bob Dylans mesterverk Blood On The Tracks og ble spilt inn med musikere fra low-fi post-rock-bandet The Low Frequency in Stereo, samt Brian Connor på keyboards. Blod på spora kom ut i september 2009, og den strålende mottakelsen  førte til utstrakt turnering over hele landet. Åpningslåten Vikla inn i blått (Tangled up in Blue) ble senere kåret til en av tidenes beste norske coverlåter av Tidal (WiMP). Denne nyutgivelsen inneholder bonussporet Opp til meg (Up to Me).

Tekstar

  • 1Vikla inn i blått (2018)

    Tidlig ein morgon då sola skein
    Låg eg og undrast på
    Om håret hennar enno var raudt
    Om der var endringar å sjå.
    Dei sa me ville angre på
    Den vegen som me tok
    Dei likte aldri mor sin kjolesaum
    Far, han hadde ikkje nok på bok.
    Og eg stod der i vegkanten
    Og såg på at regnet fall
    Eg hadde tenkt meg austover
    Eg har betalt for alt som eg har fått,
    Vikla inn i blått.

    Ho var gift då me møttest først
    Snart skulle ho bli fri
    Eg hjelpte henne sikkert laus,
    Men eg tok nok litt for hardt i.
    Me køyrde bilen så langt me kom
    Og sette han att i vest
    Skilde lag ein mørk, trist kveld
    Samde om at det var best.
    Ho snudde seg for å sjå etter meg
    Medan eg vandra bort.
    Eg høyrde ho seie over skuldra mi,
    «Me møtest att i ein port når ei tid er gått,»
    Vikla inn i blått.

    Eg hadde jobb i skogen nordpå
    Arbeidde ei tid som kokk,
    Men eg likte det aldri særleg godt
    Og ein dag hadde eg fått nok.
    Så dreiv eg sakte nedover
    Til eg kom til ein hamneby
    Arbeidde ei stund på ein fiskebåt
    Som drog ut i morgongry.
    Men fortida var hakk i hæl
    Ho gav meg aldri ro,
    Eg trefte mange kvinner,
    Men eg kunne ikkje gløyme ho som fekk meg brått
    Vikla inn i blått.

    Ho arbeidde på ein topplaus bar
    Og eg kom inn for ein tår,
    Eg blei sitjande og stire på henne,
    Andletet skein så klårt.
    Og seinare då det stilna av
    Stilna det òg i meg,
    Ho stod der attom stolen min
    Og sa, «Kjenner eg ikkje deg?»
    Eg mumla noko ned i jakka mi,
    Ho granska meg og lo.
    Eg skal innrømme eg kjende meg litt utilpass
    Då ho bøygde seg og batt skolissa mi godt,
    Vikla inn i blått.

    Ho tende ei pipe i omnen og baud meg på eit drag
    «Eg trudde kje du sku’ seie hei,» sa ho
    «Du er visst av eit fåmælt slag.»
    Så opna ho ei bok med dikt
    Og la varsamt i mi hand
    Skriven av ein diktar frå Italia
    Så trugen og sann.
    Og orda glødde nett som kol
    Og gjorde meg så vel,
    Det strøymde frå kvar side
    Som om det var i mi eiga sjel det skulle stått,
    Vikla inn i blått.

    Eg budde hjå dei på Danmarksplass
    I ein kjellar ned ei trapp,
    Lufta dirra av revolusjon
    Og poetane song om kapp.
    Då byrja han med slavehandel
    Og noko i han fór vill.
    Ho måtte selje alt ho åtte
    Og inni fraus ho til.
    Og då botnen fall ut heilt til slutt
    Trekte eg meg jamt,
    Det einaste eg visste av
    Var å halde fram med å halde fram, om det gjekk trått,
    Vikla inn i blått.

    Så no dreg eg attende dit,
    Eg må nå ho på eit vis.
    Alle dei som me kjende før
    Dei er borte no, som i ein dis.
    Nokon er professorar,
    Nokon skjer med kniv.
    Veit ikkje koss alt starta,
    Eg veit kje kva dei gjer med sine liv.
    Men eg er enno undervegs
    Eg veit eg får kje fred
    Me kjende på det same,
    Men var kje samde om det baud til medynk eller spott,
    Vikla inni blått.

  • 2Lagnaden sin vri (2018)

    Dei sat i parken, ho og han
    Medan kveldsljoset på himmelen svann,
    Ho såg på han og blikket brann gjennom marg og bein.
    Då kjende han seg einsam, han skulle ha gått fri
    Og akta seg for lagnaden sin vri.

    Dei gjekk i lag der elva rann
    Ho var litt ør, det same var han
    Dei tok inn på eit hotell dei fann med eit skilt som lyste klart.
    Natteheten trefte han hardt, som eit godslokomotiv
    Drive fram av lagnaden sin vri.

    Langt borte spelte ein fiolin
    Ho gjekk langs arkaden, ung og fin.
    Medan ljoset slo gjennom ei slitt gardin der han vakna opp,
    Slapp ho pengar oppi koppen til ein blind mann ho gjekk forbi
    Og gløymde alt om lagnaden sin vri.

    Han vakna opp, ho var kje der
    Det tomme rommet var alt som var.
    Han sa han ikkje tok seg nær av at ho ville gå,
    Det tomme som han kjende på fann han inga meining i
    Det kom på han med lagnaden sin vri.

    Han høyrer tikkinga av klokker no
    Og går med ein fugl som pratar nokre ord,
    Nede ved hamna finn han hennar spor, der seglskipa kjem inn.
    Kan hende vel ho han igjen, kven veit når det vil bli
    Han ventar på lagnaden sin vri.

    Folk seier det er synd og skam
    Å sleppe kjensler og draumar fram.
    Eg trur framleis at me høyrde saman, men det er slik det går.
    Ho vart fødd ein vår, men eg til galen tid
    Legg all skuld på lagnaden sin vri.

  • 3Stor jente no (2018)

    Vår prat i saman var søt og snar
    Han slo beina under meg, best det var.
    Og eg står atter i regn, å, å,
    Og du står på tørt land.
    Du klarte det til sist
    Stor jente er du visst.

    Fugl i det fjerne mellom stein og lyng,
    For si eiga rekning sit han og syng.
    Og eg er akkurat lik, å, å,
    Eg syng for berre deg.
    Kan du høyra songen min?
    Eg syng med tårer på mitt kinn.

    Tida er eit jetfly, ho går altfor fort
    Men å, kor synd viss alt me hadde saman visna bort.
    Eg sver eg kan snu, å, å,
    Sjå kva du får gjort.
    Eg kan få det til,
    Du kan, viss du vil.

    Kjærleiken er enkel, kor det no stod,
    Du har visst det heile tida, eg lærer det no.
    Å, eg veit eg finn deg, å, å,
    På einkvan sitt rom.
    Det er prisen som er sett
    Du er stor jente, rett og slett.

    Når veret skiftar, er det til gagns
    Men korfor skifte hestar når det er så langt til lands?
    Eg går frå vit og forstand, å, å,
    Og smerta får nytt tak
    For kvart eit hjarteslag
    Sidan me to skilde lag.

  • 4Vind utan vit (2018)

    Nokon vil få has på meg, dei plantar løgner i eit blad
    Eg skulle ønskje at dei heldt opp snart, men eg kan berre gisse når det dabbar av.
    Dei seier eg drog utanlands med kona til ein kar eg skaut ned,
    Ho ervde visst ein million som eg overtok då ho strauk med.
    Så heldig kan ein vere.

    Stadig vekk kjem folk til meg og det er som dei ikkje hugsar koss dei går fram
    Dei har tankar og idear og fakta som er så vrengde at det er ei skam.
    Jamvel du måtte spørje meg koss det var fatt i går,
    Eg kunne kje tru du ikkje kjende meg betre enn det etter så mange år
    Mi kjære.

    Vind utan vit, blæs kvar gong du rører munnen din,
    Blæs langs kvar ein bortgøymd veg eg finn.
    Vind utan vit, blæs om kvar ein jeksel på din kant,
    Du er heilt utan vit.
    Det er eit under at du framleis andar jamt.

    Eg råka på den klarsynte, som sa ta deg i vare når lynet slær
    Eg har kje kjent på fred eller ro på så lenge no, eg kan ikkje hugse koss det er.
    Det er ein einsleg krigar på ein kross, ei vogn der røyken strøymer ut,
    Du visste kje, du trudde ikkje det kunne skje, men krigen vann han heilt til slutt
    Etter han tapte alle slaga.

    Eg vakna opp i vegkanten med dagdraumar om koss det av og til er fatt
    Syner utav folen din fer gjennom meg så eg ser stjerner, radt.
    Du dekte sanning til med løgn og såra dei eg elska mest.
    Ein dag ligg du i ei grøft, medan fluger summar kring din hest,
    Dreg du siste draga.

    Vind utan vit, blæs igjennom blomane på di grav,
    Blæs igjennom løfta som du gav.
    Vind utan vit, blæs om kvar ein jeksel på din kant,
    Du er heilt utan vit.
    Det er eit under at du framleis andar jamt.

    Det var lagnaden som skilde oss og tyngdekrafta som drog oss ned
    Du tamde løva i mitt bur, men hjartet mitt, det rådde du ikkje med.
    No er allting litt opp ned, faktisk stoppa hjula opp,
    Alt godt er dårleg, dårleg godt, du finn ut når du kjem til topps
    At du er på botnen.

    Eg såg det under høgtida, du er gjort blind av vegen som du gjekk
    Eg kan kje lenger hugse deg, din munn er annleis, blikket slår du vekk.
    Ein svartkledd prest på sjuande dagen sat urørleg medan bygningen brann.
    Eg venta på deg våren gjennom, ved selja stod eg klar til sprang
    Til haustlauvet rotna.

    Vind utan vit, blæs i sirklar kringom skallen min
    Ifrå Longyearbyen og til Glittertind.
    Vind utan vit, blæs om kvar ein jeksel på din kant,
    Du er heilt utan vit.
    Det er eit under at du framleis andar jamt.

    Eg kan kje lenger føle deg, eg kan kje røre bøkene du las
    Kvar gong eg kryp framom døra di, har eg ønska at eg var ein annan kar.
    Vegen ned og sporet ut, heilt fram dit ekstasen rår,
    Eg følgde deg under stjernene, med minna om deg som opne sår
    Og som det raste om di ære.

    Eg har vorte narra no for siste gong og eg er fri no, endeleg,
    Eg kyste dyret til farvel på grenselina som skilde deg frå meg.
    Aldri skal du vite alt eg leid medan eg steig mot dag,
    Og aldri skal eg heilt forstå din heilagdom, ditt kjærleiks slag,
    Og den børa må eg bere.

    Vind utan vit, blæs igjennom kleda som me heiv,
    Blæs igjennom breva som me skreiv.
    Vind utan vit, blæs igjennom støvet der me sat,
    Me er heilt utan vit.
    Det er eit under at me kan ta til oss mat

  • 5Du gjer meg einsam når du dreg (2018)

    Eg såg kjærleik ved mi dør
    Han har aldri vore så nære før
    Aldri har han glidd så fint min veg.
    Eg skaut i mørkret, rett og slett
    Det er vrangt, som ikkje er rett
    Du gjer meg einsam når du dreg.

    Drakeskyer i det blå
    Alt eg ikkje tenkte på,
    Kjærleiken slo nedanfrå i meg.
    Denne gong er ryggen rak
    Beint mot målet, rett på sak,
    Du gjer meg einsam når du dreg.

    Kløverblad og klostersaum,
    Ditt raude hår som i ein draum,
    Eg kjem på gråten, reint, av deg.
    Eg hugsar kje kva som gjekk av meg, men
    Du skjemde meg visst bort, min ven,
    Du gjer meg einsam når du dreg.

    Blomar står i vilt flor oppi lia,
    Grashopper, dei syng på kvar ein flekk,
    Elva renn så seint på denne tida,
    Eg kunne bli hjå deg for alltid
    Og aldri merke at tida gjekk.

    Allting skar seg, på eit vis,
    Alle forhold lagt på is.
    Eg har trødd med feberheite steg.
    Eg veit det er kje nett likt fatt
    Og kan kje samanliknast, radt,
    Men du gjer meg einsam når du dreg.

    Du får meg til å undrast kva eg gjer her,
    Eg rotar rundt på eiga hand.
    Du får meg til å undrast kva eg seier,
    Du får meg til å prate med meg sjølv, mann til mann.

    Eg skal finne deg i Sør-Varanger,
    Kautokeino og Stavanger,
    Eg veit at du vil snart forlate meg.
    Men eg ser deg i kvar sky som driv,
    I dei eg elskar, og i alt liv,
    Du gjer meg einsam når du dreg.

  • 6Kom i morgon tidleg (2018)

    Kom i morgon tidleg, der di gate kryssar mi
    Kom i morgon tidleg, der di gate kryssar mi
    Me kan vere over alle haugar
    Før denne vinteren er forbi.

    Dei seier det er mørkast rett før det gryr av dag
    Dei seier det er mørkast rett før det gryr av dag
    Men du har det kje frå meg
    Kvar dag har vore mørke sidan me skilde lag.

    Hanen gjel sårt, eg trur han tenkjer på einkvan
    Hanen gjel sårt, eg trur han tenkjer på einkvan
    Så lite snill du er mot meg,
    Kjenner eg meg nett som han.

    Fuglane flyg lågt, det er så vidt dei lyfter veng
    Fuglane flyg lågt, det er så vidt dei lyfter veng
    Vel, eg har kje fleire fyrstikker
    Og stasjonsdøra er stengd.

    Vel, eg kraup igjennom piggtråd og eg kjende haglet slå
    Vel, eg kraup igjennom piggtråd og eg kjende haglet slå
    Eg sprang jamvel frå ein kjøter
    Eg har fortent all kjærleik eg kan få.

    Sjå den sola, som ei skute går ho ned
    Sjå den sola, som ei skute går ho ned
    Er det kje nett likt hjartet mitt
    Kvar gong du kyste meg?

  • 7Lilly, Rosmari og Hjarterknekt (2018)

    Marknaden var over no, gutane, dei hadde eitkvart på lur,
    Alt var stilt i festlokalet, bortsett ifrå boring i ein mur.
    Forbodet var oppheva og lykkehjulet stengd,
    Kvar mann ved sans og samling hadde dratt for lengst.
    Då stod han der i døra og såg ut som Hjarterknekt.

    Han skritta over golvet bort til spegelen og sa, «Set alt på meg,»
    Og så heldt alle saman fram med det dei gjorde før dei snudde seg.
    Så gjekk han bort til ein framandkar og spurde med eit smil,
    «Kan du seie meg, ven, når underhaldninga tek til?»
    Så flytta han seg til hjørnebordet, fjeset vendt som Hjarterknekt.

    Jentene, dei spelte poker attom scenen der som trappa var,
    Lilly håpa på ei dronning, ho hadde allereie par.
    Ute fyltest gatene av folk som strøymde til,
    Ein bris kom gjennom vindauget, han var så linn og mild.
    Lilly satsa endå meir, og trekte Hjarterknekt.

    Stor-Jo var ingen tosk, han åtte gruva, kvar ein diamant,
    Han kom inn slik han alltid gjorde, kledd så kostbart og så elegant.
    Med livvaktar og sølvstokk og kvart hårstrå fint på plass,
    Han tok det som han det ville ta og køyrde det i dass.
    Men livvaktar og sølvstokk, det var ingenting mot Hjarterknekt.

    Rosmari børsta håret sitt og drog til by’n, ho var eit syn å sjå,
    Ho smaug inn gjennom sidedøra, som ei dronning utan krone på.
    Ho flagra litt med vippene og kviskra, full av list,
    «Orsak, Pus, at eg er sein,» men han høyrde ho ikkje, visst.
    Han stirde ut i lufta i retning Hjarterknekt.

    Stor-Jo tenkte med seg sjølv, «Eg veit at eg har sett han før ein stad,
    Kanskje på eit bilete, kan hende nede i Christiania.»
    Så vart ljosa dempa, folk trampa og dei lo
    Og i mørkret der i rommet var det berre han og Jo,
    Dei stirde på sommarfuglen som trekte Hjarterknekt.

    Lilly var prinsesse, ho, då ho var barn så var ho ljos og lett,
    Ho gjorde det som måtte til, eit smil som hennar hadde ingen sett.
    Ho kom ifrå ein oppløyst heim, og sjølv så stod ho i
    Med menn ho reiste land og strand med før det blei forbi.
    Men aldri hadde ho møtt nokon som var heilt som Hjarterknekt.

    Domaren kom inn då ingen såg det og blei bydd på vin og mat,
    Boringa i muren stoppa opp, men ingen stussa der dei sat.
    Alle visste godt at Lilly hadde Jo sin ring
    Og mellom dei to skulle aldri kome nokon ting.
    Nei, aldri noko, bortsett frå kan hende Hjarterknekt.

    Rosmari, ho drakk tettare og spegla seg i bladet på ein kniv,
    Ho var lei av all oppmerksemda, lei av rolla som Stor-Jo sin viv.
    Ho hadde prøvd det meste, jamvel sjølvmord ein gong,
    Ville gjera ei god gjerning før ho song sin svanesong.
    Ho såg rakt inn i framtida, og reid høgt på Hjarterknekt.

    Lilly vaska andletet, tok kjolen av og la han skundsamt vekk.
    «Slapp du opp for hell?» sa ho og lo, «Eg visste vel at det var slik det gjekk.
    Veggen her er nymåla, ver varsam når du går,
    Det er godt å sjå du er i live, som ein helgen, der du står.»
    Nede i gangen kom det fottrinn etter Hjarterknekt.

    Sjefen i kulissane gjekk att og fram med kvilelause steg,
    «D’er noko her som ikkje stemmer,» sa han «Eg kan kjenne det lang veg.»
    Han ville hente domaren, men domaren lukta sprit,
    Medan han som spelte hovudrolla pilte hit og dit.
    Ingen spelte rolla si betre enn Hjarterknekt.

    Lilly heldt rundt mannen som ho elska og trykte han inn til seg,
    Gløymd var han som hundsa henne, mannen som ho hata inderleg.
    «Eg har sakna deg slik,» sa ho og han trudde henne trygt,
    Men rett utanfor døra kjende han sjalusi og frykt.
    Berre ei anna natt i livet til Hjarterknekt.

    Ingen visste omstenda, men dei sa det hendte nokså kvikt,
    Garderobedøra fauk opp, og så høyrdest eit revolverklikk.
    D’er synd å seie at Stor-Jo verka særlig overgitt,
    Rosmari, ho stod attmed han, så stø i blikket sitt.
    Ho var saman med Stor-Jo, men helte litt mot Hjarterknekt.

    To dører lenger nede kom dei gjennom muren, endeleg
    Dei gjorde reint bord i kvelvet, ein kan seie at strevet svarte seg.
    Ved elvebreidda venta dei, alt var mørkt og stilt,
    På han som hadde sagt han måtte gjera ein ting til.
    For dei kunne ikkje fortsetje, ikkje utan Hjarterknekt.

    Henginga var neste dag, mørke skyer låg der som ei bør,
    Stor-Jo låg tildekt, drepen av ein brevkniv dagen før.
    Og Rosmari, som i galgen stod, ho blunka kje eingong,
    Og domaren var edru no, han hadde ingen trong.
    Den einaste som ikkje var til stades der var Hjarterknekt.

    Festlokalet, det var tomt, eit skilt sa, «Opnar att om litt,»
    Lilly hadde allereie teke fargen ut av håret sitt.
    Ho tenkte litt på far sin som ho ikkje hadde sett,
    Ho tenkte på Rosmari, og litt på lov og rett.
    Men mest av alt så tenkte ho på Hjarterknekt.

  • 8Om du ser ho, hels frå meg (2018)

    Om du ser ho, hels frå meg, ho er visst i Tanger
    Ho drog herfrå på vårparten, eg har høyrd at ho bur der
    Hels og sei eg klarar meg, om det går litt trått i blant
    Kan hende trur ho eg har gløymt, ikkje sei det ikkje er sant.

    Det skar seg mellom oss, slik det ofte vil
    Men enno renn det kaldt i meg når eg tenkjer på koss det gjekk til
    Og om brotet skar meg i hjartet kvar ein dag
    Bur ho enno inni meg, me skilde aldri lag.

    Om du kjem nær ho, kyss ho ifrå meg
    Eg har stor respekt for alt ho gjorde for å frie seg
    Eg vil kje stå i vegen, kva enn som gjer ho glad
    Om den bitre smaken sit i frå då eg tagg ho om å ikkje dra.

    Eg treff på mangslags folk på rundane eg gjer
    Og i kvar by eg kjem til høyrer eg namnet hennar her og der
    Og eg har ikkje blitt van med det, men eg har lært å skru det av
    Kanskje er eg litt for sart for lærdommen ho gav.

    Eg ser på det som var, den gong ho var mi
    Eg kan kvar scene utanåt, så fort dei fór forbi
    Om ho kjem forbi her att, finn ho enkelt vegen hit
    Sei at ho kan helse på, dersom ho har tid.

  • 9Til stormen dreg forbi (2018)

    Det var i ei anna tid, ei med slit og blod
    Alt svart, det var ein dyd, og det var gjørme der eg stod
    Eg kom inn ifrå villmarka, ein skapnad i ei sky.
    «Kom inn,» sa ho,
    «Og bli her til stormen dreg forbi.»

    Og om eg kjem forbi her att, kvil du trygt i fred
    Eg vil alltid gjera alt eg kan, dei orda står eg ved
    I ei stål-synt verd der kvar mann kjempar for å finna ly.
    «Kom inn,» sa ho,
    «Og bli her til stormen dreg forbi.»

    Ingen av oss sa eit ord, me hadde ingenting å gje
    Alt låg enno uløyst av det me stridde med.
    Prøv å sjå framføre deg ein stad som gjev deg ly.
    «Kom inn,» sa ho,
    «Og bli her til stormen dreg forbi.»

    Eg var avkrefta og utbrend, av hagl var eg dekt
    Forgifta i eit kratt og slått til marka der eg gjekk
    Jaga som eit krypdyr, skamfaren i ei li.
    «Kom inn,» sa ho,
    «Og bli her til stormen dreg forbi.»

    Brått snudde eg meg og der såg eg henne stå
    Med sølvarmband om handledda og blomar i sitt hår.
    Så varleg kom ho opp til meg og tok tornekrona mi.
    «Kom inn,» sa ho,
    «Og bli her til stormen dreg forbi.»

    No er det eit stengsle der, noko manglar mellom oss
    Alt vart litt for sjølvsagt, signala gjekk i kross.
    Å tenkje at det heile byrja i ei anna tid.
    «Kom inn,» sa ho,
    «Og bli her til stormen dreg forbi.»

    Lensmannen går berrføtt, presten kjem til hest
    Men det gjer kje særleg skilnad, det er domen som tel mest
    Og gravaren er einøygd, eit audt horn blæs han i.
    «Kom inn,» sa ho,
    «Og bli her til stormen dreg forbi.»

    Eg har høyrd på nyfødde som illskreik der dei låg
    Og gamle menn med brotne tenner, som kjærleiken oversåg.
    Om eg skjønar kva du spør om, mann, er alt vonlaust all mi tid?
    «Kom inn,» sa ho,
    «Og bli her til stormen dreg forbi.»

    Dei trekte lodd om kleda mine oppi åsen der
    Eg kjøpslo om mi frelse og dei gav meg meir enn godt er.
    Eg baud dei på mi uskuld, eg kjende spotten svi.
    «Kom inn,» sa ho,
    «Og bli her til stormen dreg forbi.»

    Vel, eg bur her i eit framandt land, men eg kryssar grensa snart
    Det skjøne finn du på ein knivsegg, det har eg erfart.
    Kunne eg berre skru attende tida til då Gud og ho vart fri.
    «Kom inn,» sa ho,
    «Og bli her til stormen dreg forbi.»

  • 10Bøtter med regn (2018)

    Bøtter med regn
    Og tårer med
    Eg veit kje kor lenge det har bøtta ned.
    Bøtter med månestrålar du meg gav,
    Eg har all den kjærleik du kan
    Klare av.

    Eg har vore mjuk
    Og hard som eik
    Eg har sett fine folk gå opp i røyk.
    Vener dei kjem, vener stryk på dør,
    Viss du treng meg, er eg her
    Slik som før.

    Smilet ditt
    Og fingrane små
    Måten du rører leppene på.
    Blikket svalt, eg likar alt ved deg,
    Eg likar alt som gjer meg så
    Ulukkeleg.

    Lita raud kjerre
    Liten raud bil
    Eg hermar ikkje, men eg veit kva eg vil.
    Eg vil kjenne sakte at du elskar meg,
    Eg tek deg med meg, skatten min,
    Når eg dreg.

    Dagane
    Er tomme og grå
    Alt du kan gjera er det du må.
    Du gjer det du må gjera og du gjer det godt,
    Eg gjer det for deg, det har du
    Vel forstått?

  • 11Opp til meg (2018)

    Allting gjekk frå vondt til verre, pengar hjelpte aldri nokon gong,
    Dauden følgde hakk i hæl, i det minste høyrde eg fuglesong.
    Nokon må vise kva dei har, tida er fiendtleg,
    Eg veit at du har dradd for godt,
    Det er visst opp til meg.

    Hadde eg tenkt meg om, så ville eg aldri gjort det, eg hadde heller gjort ein bøyg,
    Om eg skulle levd etter kva andre tenkte, ville hjartet i meg døydd.
    Eg var berre for sta til å ville late vanvit styre mine steg,
    Nokon måtte gå etter stjernene,
    Det var visst opp til meg.

    Å, toget rullar langsamt ut og orkideane står i flor,
    Eg har berre ei god skjorte att, og ho duftar av parfyme frå i fjor.
    Eg har smilt ein gong på fjorten månadar, og det hadde eit umedvite preg,
    Nokon må finne sporet ditt,
    Det er visst opp til meg.

    Det var som ei openberring då dine kjærteikn blei til svik,
    Eg hadde mest overtydd meg sjølv om at stoda mellom oss var lik.
    Drankaren med maska av jarn gav meg nøkkelen til deg,
    Nokon måtte låse opp hjartet ditt,
    Han sa at det var opp til meg.

    Vel, eg såg deg forsvinne sakte inn på offiserane sin bankett,
    Eg ville følgd rett etter deg, men eg hadde ikkje fått meg billett.
    Så eg venta heile natta på at ein av oss kunne frie seg,
    Då det grydde av dag over brua,
    Visste eg det var opp til meg.

    Det eine gode tingen eg gjorde då eg arbeidde på postkontor
    Var å rive bildet ditt av veggen bak mitt skrivebord.
    Var eg ein tosk eller ikkje som freista skjule dine steg?
    Du såg litt utbrend ut, min ven,
    Eg tenkte det var opp til meg.

    Vel, eg møtte nokon sjel til sjel, eg måtte ta hatten av,
    Ho er alt eg treng og elskar, men eg kan kje la det mildne mine krav.
    Det skremmer meg å tenkje på eit liv så lukkeleg,
    Men ho kjem ikkje til å be meg inn,
    Det blir visst opp til meg.

    Me høyrde heile Bergpreika, eg visste ho var for lite klår,
    Det kom ikkje stort meir utav det enn det som skin i knuste skår.
    Når du tek munnen litt for full, så brukar det å straffe seg,
    Nokon må fortelje historia,
    Det er visst opp til meg.

    Det kom ein viss kar innom i kveld på Toreversfugl Kafé,
    Kristin ville prate med han, eg måtte berre kikke ned.
    Eg treng sårt til ditt selskap, eg finn kje kvile utan deg,
    Men du kjem ikkje til å bryte ut,
    Det er visst opp til meg.

    Det er ein setel att i flaska der, du kan gje han til kven du vil,
    Eg veit kven du vil spørje om, men eg har kje meir å leggje til.
    Me høyrde stemmer begge to, det som er att no er endeleg,
    Ein av oss må ta til tårene,
    Det er visst opp til meg.

    Livet er eit mimespel, så stå på, alle mann,
    De har ikkje mykje tid å gå på, seier dei som leier an.
    Og jenta som er med meg no vel sjølv sin eigen veg,
    Ein av oss må bryte opp,
    Det er visst opp til meg.

    Og om me aldri møtest att, mi kjære, tenk på det som var,
    Koss eg spelte fritt ein song for deg på munnspel og gitar.
    Og kvar ein tone som eg bles var fullt og heilt til deg,
    Ingen andre kunne det,
    Du veit at det var opp til meg.

Bidragsytere

Produsert av Brian Connor & Tom Roger Aadland
Innspelt i ABC Studio, Etne 2. – 5. august 2009
Opptaksteknikar: Stig Morten Sørheim
Miksa av Stig Morten Sørheim ved ABC Studio
Mastra av Björn Engelmann ved Cutting Room, Stockholm
«Opp til meg» innspelt i ABC Studio 14. februar 2017

Tom Roger Aadland: vokal, gitar, munnspel & orgel (11)
Brian Connor: piano & orgel
Per Steinar Lie: bass & gitar (11)
Ørjan Haaland: slagverk & orgel (11)
Linn Frøkedal: vokal (2, 9)
Erling Kvarven: trekkspel (7)

Foto: Edgar G. Bachel, fin Costello (portrett)
Grafisk design: Raffaele Malanga

Alle songane: Tekst & musikk: Bob Dylan
Norsk tekst: Tom Roger Aadland
© Ram’s Horn Music / Sony/ATV Music Publishing Scandinavia