Vestland, Vestland, mitt mørke fastland
Min barnelærdom, min ungdoms elsk
Vestland, Vestland, mitt alt fell på plass land
Eg kan framkalle deg frå kor som helst
Eg har gått langs dine fjordar
Eg har stått på dine snødekte fjell
Eg har sett himmelen, eg har sett jorda
Vakrast er havet ditt, likevel
Vestland, Vestland, mitt bruk og kast land
Med boreriggar og pengesug
Vestland, Vestland, mitt vakre kontrastland
Kor enn eg reiser, kjem eg deg i hug
Eg kan sjå deg for mitt indre
Eg kan høyre deg, kor enn eg fer
Den sorga finst kje som du ikkje kan lindre
Du gjer meg heil, det er det du gjer
Vestland, Vestland, eg hugsar deg best, land
Med vinden i ditt regnvåte hår
Vestland, Vestland, eg saknar deg mest, land
Når lyset vert for dust her kor eg går
Eg vakna midt på natta
Eg vakna i mitt eksil
Fann fram gitaren, bleik, men fatta
Strauk over strengane med tårevått smil
Vestland, Vestland, mitt mørke fastland
Min manndomsprøve, mi alderdoms trøyst
Vestland, Vestland, mitt alt fell på plass land
Kvar gong eg ser deg, blir eg litt forløyst