Tekstar
1Eg må ha deg
Gravferdsmannen angrar seg
Organisten vel ein einsam veg
Saksofonane av sølv ber meg gje slepp på deg
Kvar brostne bjølle, kvar blasse lur
Hånar meg for min utur
Men eg blei kje fødd,
Om nokon trur, til å gå glipp av degEg må ha deg, må ha deg
Eg må ha deg, nett no
Kjære, eg må ha degDen drukne pampen hoppar til
I gata der kvar mor græt stilt
Og frelsarane som søv mildt, dei ventar deg
Og eg står med min kopp med skòr
Og drikk medan eg ventar på
At ein av dei
Skal be meg gå og hente degEg må ha deg, må ha deg
Eg må ha deg, nett no
Kjære, eg må ha degSom fedrane, dei tapte seg
Forutan sine kjære
Mens døtrene, dei hundsar meg
Fordi eg lèt alt vereEg skal dra til Spar Dam ganske snart
Mi kammerfrøken der er smart
Ho veit eg treng ein heilt ny start, ho ser det vel
Ho er snill som få
Og det er ingenting ho ikkje vil forstå
Ho veit til kven eg helst vil gå
Men kva gjer det vel?Eg må ha deg, må ha deg
Eg må ha deg, nett no
Kjære, eg må ha degOg ditt dansande barn i kinesisk drakt
Eg tok seljefløyta hans med makt
Det var som om noko fór, som sagt, i meg
Men eg gjorde det fordi han laug
Fordi at alt han sa deg, saug
Og fordi solnedgangen hans var raud
Og fordi eg…Eg må ha deg, må ha deg
Eg må ha deg, nett no
Kjære, eg må ha deg
Bidragsytere
«Eg må ha deg» er produsert av Lars Voldsdal (Madrugada, Hellbillies) og innspilt i ABC Studio i Etne med noen av landets fremste musikere. Erland Dahlen (trommer, perkusjon), Tor Egil Kreken (bass, kor) og Kjetil Steensnæs (gitar, piano, kor) spilte også på Aadlands kritikerroste album «Rapport frå eit grensehotell». Denne gang fikk de selskap av Sigbjørn Apeland (hammondorgel). Kjetil Ulland ved ABC Studio har mikset låten, og Björn Engelmann ved Cutting Room i Stockholm har mastret.