Det er når dei går stille i døran
Det er då du skal vera på vakt
Det er alt det som skjer i løyndom
Når dei seier dei ikkje har makt
For dei kallar det fridom til folket
Og dei seier at fleirtalet rår
Men eg ser det gryr mot anna lende
Eg ser haust når dei talar om vår
Så hald rundt meg, eg treng å kjenne
At me e i lag og kan det vende
For hjarta mitt bankar for deg
Me e små i det store, men eg veit me e mange – så hald meg
Ja, hald rundt meg, for eg treng å kjenne
At me e i lag og kan det vende
For hjarta mitt bankar for deg
Me e små i det store, men eg veit me e mange – så hald meg
Hald meg
Dei seier dei har deg på prøve
At dei kan ikkje ta deg inn fast
Og du går der i sola og støvet
Med den børa dei kallar ballast
Og du søv aldri natta til ende
Du vaknar opp, kaldsveitt og klam
Og breva og blikka du sende
Det var ingen av dei som kom fram
Så hald rundt meg, eg treng å kjenne
At me e i lag og kan det vende
For hjarta mitt bankar for deg
Me e små i det store, men eg veit me e mange – så hald meg
Ja, hald rundt meg, for eg treng å kjenne
At me e i lag og kan det vende
For hjarta mitt bankar for deg
Me e små i det store, men eg veit me e mange – så hald meg
I dine armar
I varmen frå din kropp
I vissa om ei sol som stig
Ja, hald rundt meg, eg treng å kjenne