Songfugl

Tekstar

Moskusen på Dovre

Du burde tenkje på miljøet
Slik du reiser ifrå meg
Eg kunne farte heile verda
Berre for å finne deg

Tenk på Østerdalens skogar
Tenk på grøda langs vår kyst
Tenk på moskusen på Dovre
Tenk på hjartet i mitt bryst

Tenk på diesel og karbonspor
Tenk på havørna som flyg
Tenk på kvar ein sporv til marka
Tru ikkje at eg lyg

Eg kunne tjuvstarte ein trailer
For å treffe deg på ny
Eg reiste gjerne rundt på kloden
Med bil og båt og fly

Eg kryssa gladeleg ekvator
For å sjå ditt andlet att
Du burde tenkje på miljøet
Og ikkje dra frå meg i natt

Tenk på Østerdalens skogar
Tenk på grøda langs vår kyst
Tenk på moskusen på Dovre
Tenk på hjartet i mitt bryst