Songfugl

Tekstar

Det vakraste ordet

Eg står her blant kjerald og sundbrotne kar
Mens eg tenkjer på tida, den tida det tar
Ifrå lynet slår ned til ein først høyrer larmen av tore
Eg tenkjer på korleis det heile er fatt
Og eg tenkjer på om du søv åleine i natt
Og eg tenkjer på banda, dei banda me batt
Og på andletet ditt då du lærte meg at
Kjærleik er det vakraste ordet

Eg tenkjer på kven som skauv båten ifrå
Du stod og såg vekk og sa du måtte gå
Medan lagnaden la seg, blytung og grå, i kvar pore
Alt første gong eg såg deg, vart eg mest sjuk
Du smilte til meg med eit andlet så mjukt
Og sende meg vasskrukka, halvvegs i smug
Og sa eg måtte leggje meg grundig på hug
At kjærleik er det vakraste ordet

Eg tenkjer på alt som eg hadde så kjært
Eg ligg vaken og ønskjer eg hadde deg her
Men eg ber på ei kjensle av at denne gong er eg på sporet
Mange val har blitt gjort sidan me møttest sist
Me er begge litt endra, og det gjer meg litt trist
Men dei seier det blømer iblant på berr kvist
Og eg er kje i tvil, nei, eg veit det for visst
Kjærleik er det vakraste ordet

Eg trur ikkje anna enn det eg kan sjå
Spør nett kven du vil, eg er skeptisk som få
Men mirakel kan skje så vel i det små som i det store
Så sov, du, og vit at ein morgon skal gry
Og at ein dag skal me vakne opp i ein by
Der me saman skal søkje eit sikrare ly
Og kvar dag få lære på ny og på ny
At kjærleik er det vakraste ordet