Oppløyst og medtatt – Single

2014

Lyrics

  • 1Oppløyst og medtatt

    Eg er oppløyst og medtatt
    Eg har høyrt det er vedtatt
    At du skal dra bort
    Ein heilt annan stad
    Kanskje er du forfremma
    Kanskje vil einkvan hemna seg
    På meg, eg veit kje
    Og eg er likeglad

    Når flyet ditt lettar
    Og skylaget slettar
    Kvart spor etter alt som
    Me hadde i lag
    Skal eg hugse å tenkje
    På kvar stein eg såg blenkje
    Medan sola stod høgt
    Medan det enno var dag

    Mor di har synt meg
    Og bror din har tynt meg
    Eg har fått full behandling
    Det har me slått fast
    Eg er takksam og bitter
    Eg er fri og bak gitter
    Eg er eit skip som ligg djupt
    Og tar inn meir last

    Eg er påkledd og naken
    Eg søv og er vaken
    Eg er søkkrik og tiggar
    Eg veit ikkje kva
    Eg er fri for klisjear
    Og tom for idear
    Eg lengtar allereie
    Ein heilt annan stad

    Medan himmelen mørknar
    Og alt rundt meg størknar
    Går tankane mine
    Dit du er på veg
    Kanskje går du i land no
    På ei endelaus strand no
    Kanskje snur du deg hastig
    Og tenkjer på meg

    Eg er oppløyst og medtatt
    Eg har høyrt det er vedtatt
    At du skal dra bort
    Ein heilt annan stad
    Kanskje er du forfremma
    Kanskje vil einkvan hemna seg
    På meg, eg veit kje
    Og eg er likeglad

Credits