Googla deg – Single

2012

Lyrics

  • 1Googla deg

    Googla deg, du veit det ikkje enn, men eg har googla deg
    Så langt som eg kan sjå, er du uangripeleg
    Du er uskuldsrein, i alle høve like rein som meg

    Namnet ditt, det sitra i meg då eg først skreiv namnet ditt
    Som eg var eitt med tastaturet mitt
    Det første søket som eg gjorde, famna litt vidt.

    Venen din, om du tek imot, så er eg venen din
    Eg trur at du vil like det du finn
    Eg er kje lytefri, men dei seier kjærleik gjer blind

    Livet har så mange sett
    Allting kjem kje like lett
    Det var det mi mormor sa
    Men nokre sjansar må ein ta

    Googla deg, du veit det ikkje enn, men eg har googla deg
    Og alt som eg har funne ut, har oppglødd meg
    Eg trur oss to beint fram var uunngåeleg

    Mange stadar du kan dra
    Mange vegar du kan ta
    Berre ein var rett for meg
    Det er derfor eg har googla deg

Credits

Words & music: Tom Roger Aadland