Fløyel og stål

2012

Fløyel og stål ble skrevet i Sør-Afrika vinteren 2011/12, utenfor Durban ved kysten av Det Indiske Hav. Albumet ble innspilt i Rainbow Studios, Oslo og deretter mikset av den amerikanske stjerneteknikeren David Bianco. Fløyel og stål kom ut i september 2012 til glimrende anmeldelser. Sangen Min beste ven på ein dårleg dag ble raskt A-listet av NRK P1.

Tekstar

  • 1Min beste ven på ein dårleg dag

    «Ta du vegen over fjellet»
    Det var det dei sa til meg
    Dei låg som hoggorm på ei helle
    Og sa dei berre vermde seg

    No er det som om noko vantar
    Eg har ingen stad å gå
    Eg skubbar meg på skarpe kantar
    Einkvan må eg stole på

    Eg sig, eg sig, eg sig i kne
    Denne verda gjev deg aldri fred
    Du må kjempe for kvart andedrag
    Men det letnar litt når me er i lag

    Mange vener kan fortelje
    Om ein stad som dei veit om
    Alle har eitkvart å selje
    Eg er utmagra og tom

    Eg sig, eg sig, eg sig i kne
    Denne verda gjev deg aldri fred
    Du må tåle spark, du må døyve slag
    Men det lindrar litt når me er i lag

    Alle seier dei er budde
    Men eg veit kje om dei er
    Det blir aldri som du trudde
    Det ligg alltid noko der

    Eg ser på båtane på elva
    Der dei flyt så fint av stad
    Eg tenkjer, «Om ein skulle kvelva
    Vil det helst gå bra»

    Eg sig, eg sig, eg sig i kne
    Denne verda gjev deg aldri fred
    Men ein engel kom meg til behag
    Du er min beste ven på ein dårleg dag

    Eg sig, eg sig, eg sig i kne
    Denne verda gjev deg aldri fred
    Men eg skimtar òg eit høgdedrag
    For det kjem seg når me er i lag

  • 2Eg veit (ingenting)

    Eg veit ingenting om bilar
    Akselkoplingar og slikt
    Eg veit lite om tequila
    Eg kan eit par spanske dikt
    Eg veit ingenting om skogen
    Der dei store trea veks
    Eg veit knapt bak fram på plogen
    Eg er knapt av bondeslekt

    Men eg veit eg elskar deg
    Du er lyset og lykta på min veg
    Ja, eg veit eg elskar deg
    Me er saman, me to no, endeleg

    Eg veit ingenting om grøfter
    Om å knuse stein til grus
    Eg veit litt om brotne løfter
    Litt om dårleg rus
    Eg veit ingenting om renter
    Om styrt økonomi
    Eg veit fint lite om jenter
    Ikkje eingong om jenta mi

    Men eg veit eg elskar deg
    Du er lyset og lykta på min veg
    Ja, eg veit eg elskar deg
    Me er saman, me to no, endeleg

    Eg veit ingenting om nåde
    Eg veit ingenting om bot
    Om du helst vil få meg frå det
    Skal eg ikkje seie imot
    Eg veit ingenting om køar
    For forsoning eller mat
    Eg veit fint lite om sjøar
    Som kan slå deg nesten flat

    Men eg veit eg elskar deg
    Du er lyset og lykta på min veg
    Ja, eg veit eg elskar deg
    Me er saman, me to no, endeleg

  • 3Det står ei kvinne bakom alt

    Det står ei kvinne bakom alt
    Det står ei kvinne bakom alt
    Ho veit at tårer smakar salt
    Det står ei kvinne bakom alt

    Bak kvar ein rock and roll rebell
    Kvar spelegal som stiftar gjeld
    Kvar nybakt far som sit i hell
    Bak kvart eit stjerneskot som fell

    Det står ei kvinne bakom alt
    Det står ei kvinne bakom alt
    Ho veit at tårer smakar salt
    Det står ei kvinne bakom alt

    Bak kvar ein skurk og sjarlatan
    Kvar ein sliten narkoman
    Kvar gamal gris på Gamla Stan
    Kvar novise frå Iran

    Det står ei kvinne bakom alt
    Det står ei kvinne bakom alt
    Ho veit at tårer smakar salt
    Det står ei kvinne bakom alt

    Bak kvar ein sliten patriark
    Kvar ein skipper på sin sjark
    Bak kvar ryggradslause mark
    Kvart atom og kvar ein kvark

    Det står ei kvinne bakom alt
    Det står ei kvinne bakom alt
    Ho veit at tårer smakar salt
    Det står ei kvinne bakom alt

    Bak kvart svikefulle krek
    Kvar ei rastlaus sjel på rek
    Kvart namn i kvart eit kartotek
    Kvar mann med samvit svart som bek

    Det står ei kvinne bakom alt
    Det står ei kvinne bakom alt
    Ho veit at tårer smakar salt
    Det står ei kvinne bakom alt

  • 4Skuggane

    Ein gong var det ingen tvil
    Eg gjekk glatt ei ekstra mil
    Ein gong var du alt eg såg
    Kor eg vakna, kor eg låg

    Eg ser skuggane rundt bordet
    Eg ser skrømt på høglys dag
    Eg ser alt me ikkje gjorde
    Eg ser deg og meg i lag

    Ein gong var eg ganske viss
    Ein gong tok eg djupt i miss
    Ein gong sov eg ved di dør
    Skulle ha fortalt deg før

    Eg ser skuggane rundt bordet
    Eg ser skrømt på høglys dag
    Eg ser alt me ikkje gjorde
    Eg ser deg og meg i lag

    Eg ser alt eg ikkje sansa
    Eg ser kvart eit håp som svann
    Eg ser flammene som dansa
    Eg ser bruene som brann

    Ein gong var eg djupt i naud
    Ein gong var eg mest som daud
    Ein gong sokk eg som ein stein
    Ein gong steig eg fri og rein

    Stundom kan eg sjå deg stå
    Med ein djupraud kjole på
    Ein gong i ei anna tid
    Var du gjennom, var du mi

    Eg ser skuggane rundt bordet
    Eg ser skrømt på høglys dag
    Eg ser alt me ikkje gjorde
    Eg ser deg og meg i lag

    Eg ser fuglane som letta
    Eg ser vengjene som slo
    Eg ser mistak som vart retta
    Eg ser staden der me stod

    Eg ser løgnene og triksa
    Eg ser alt me skulle gjort
    Eg ser alt du ikkje fiksa
    Eg ser allting som kom bort

    Eg ser skuggane rundt bordet
    Eg ser skrømt på høglys dag
    Eg ser alt me ikkje gjorde
    Eg ser deg og meg i lag

  • 5Lengta og drøymt

    Me kan snakke om fartøy som kantra
    Me kan snakke om dyrebar last
    Me kan snakke om dårlege mantra
    Snakk heller om det som står fast

    For eg har aldri gløymt kor eg høyrde til
    Eg har aldri gløymt det eg skimta før me gjekk oss vill
    Eg har aldri gløymt kor me skulle hen
    Eg har lengta og drøymt, eg er klar for å prøve igjen

    Eg såg Ingmar Bergman på TV
    Han sa anger vart litt for kokett
    Skal kje seie deg koss du burde leve
    Men det kan synast som han hadde rett

    For eg har aldri gløymt det eg kom til å sjå
    Eg har aldri gløymt som det gneistra av gull mot det blå
    Eg har aldri gløymt kor me skilde lag
    Eg har lengta og drøymt, eg skal finne att staden ein dag

    Me kan snakke om åra i tåka
    Men kan snakke om gulnande bein
    Me kan snakke om dei som vart råka
    Me kan snakke om dei som tok mein

    Men eg har aldri gløymt kor eg høyrde til
    Eg har aldri gløymt det eg skimta før me gjekk oss vill
    Eg har aldri gløymt den eiden me svor
    Eg har lengta og drøymt, eg er klar for å stå ved mitt ord

    Eg har aldri gløymt kor me skulle hen
    Eg har lengta og drøymt og sett etter eit høve
    Lengta og drøymt, eg lét meg kje sløve
    Lengta og drøymt, sjå, eg ristar av støvet
    Lengta og drøymt, eg står opp frå dei døve
    Lengta og drøymt, eg er klar for å prøve igjen

  • 6Kva bryr det meg?

    Kva bryr det meg om snøen forsvinn
    Om småfuglar kvitrar om kvart grasstrå dei finn
    Om unge og gamle får lettare steg
    Sidan du drog, kva bryr det meg?

    Kva bryr det meg om vårregnet fell
    Om dagslyset varer litt lengre kvar kveld
    Om mildvêret kjem, medan vinteren dreg
    Utan deg her, kva bryr det meg?

    Kva bryr det meg om alt som eg ser
    Og alt som eg høyrer og alt som eg gjer
    På mystisk sett får meg til å tenkje på deg
    Sidan du reiste, kva bryr det meg?

    Kva bryr det meg om fjorden ligg blank
    Om skogbotnen duftar og bjørka står rank
    Om kvitveisen kronar kvar sving av min veg
    Utan deg her, kva bryr det meg?

    Kva bryr det meg at sidan du drog
    Har eg ikkje sett skilnad på våpen og plog
    Har eg ikkje hatt styring på dei enklaste ting
    Har eg gått omkring i ein ring

    Kva bryr det meg om sola står opp
    Om blodet blir drive omkring i min kropp
    Om kvar celle i meg er eit under for seg
    Utan deg her, kva bryr det meg?

    Kva bryr det meg om eit andlet blir mjukt
    Om nokon legg penn og papir på ein duk
    For å skrive ein song som kan tale for seg
    Sidan du reiste, kva bryr det meg?

    Kva bryr det meg om alt som er skapt
    Er vakkert og godt? Å, eg vørder det knapt!
    Om nåden er tilmålt uendeleg
    Utan deg her, kva bryr det meg?

  • 7Smilefjes

    Smilefjes, Smilefjes
    Har du det bra i dag?
    Me har mange gode minner
    Frå mangt eit lystig lag
    Smilefjes, Smilefjes
    Sei meg, koss står det til?
    Eg kan gjerne komme over
    Om det er det du vil

    Har du bakt ei kake?
    Har du dårleg tid?
    Ser du deg tilbake
    På det som er forbi?
    Les du Kant og Hegel?
    Lærer du deg polsk?
    Har du knust ein spegel
    Og er litt melankolsk?

    Smilefjes, Smilefjes
    Har du det bra i dag?
    Me har mange gode minner
    Frå mangt eit lystig lag
    Smilefjes, Smilefjes
    Sei, er du like heil?
    Eg synest eg såg ei tåre
    Men du seier eg såg feil

    Har du gått ut døra
    Utan å få svar?
    Har du lagt av børa?
    Gjer du deg kanskje klar?
    Sei meg kva som hende
    Sei koss det er fatt
    Dei lysa som me tende
    Brenn òg ei vinternatt

    Smilefjes, Smilefjes
    Har du det bra i dag?
    Me har mange gode minner
    Frå mangt eit lystig lag
    Smilefjes, Smilefjes
    Sei, er du like heil?
    Eg synest eg såg ei tåre
    Men du seier eg såg feil

  • 8Kjærleik sette oss fri

    Somme er ranke, somme er reine
    Somme sparar seg og ventar på den eine
    Somme har skore heilt ned til beinet
    Alle har eitkvart dei må gjere åleine

    Trua sette meg fri
    Men det var tvilen, tvilen
    Som fekk meg på glid
    Trua sette meg fri
    Men det var tvilen, tvilen
    Som fekk meg på glid

    Eg trur på englar – og på demonar
    Eg trur at ein kan bli forløyst av ord og tonar
    Eg trur på sjansen, på ein av millionar
    Eg trur på tog som forlatar stasjonar

    Ein dag skal eg sanne mine synder
    Ein dag skal eg gjere bot
    Ein dag skal eg seie opp min formyndar
    Eg berre sit og samlar mot

    Treng ikkje tittel, treng ikkje ramme
    Treng ikkje fikse på ei einaste skramme
    Treng ikkje halde noko over open flamme
    Treng berre vite kor lynet vil ramme

    Trua sette meg fri
    Men det var tvilen, tvilen
    Som fekk meg på glid
    Trua sette meg fri
    Men det var tvilen, tvilen
    Som fekk meg på glid

    Du var den første, du var den beste
    Eg hadde berre litt for mange ting å teste
    For mange naglar å slå i, for mange vaierar å feste
    Når båten går, får du vente på den neste

    Kjærleik sette oss fri
    Men det var venskap, venskap
    Før du blei mi
    Kjærleik sette oss fri
    Men det var venskap, venskap
    Før du blei mi

  • 9Einsam vandrar

    Eg er ein vandrar forutan sko
    Har inga heimlengt, har inga ro
    Eg ser på lauvet som fell frå tre
    Det som går til her har eg ingenting med

    Har du sett far min? Har du sett mor?
    Har du sett søster? Har du høyrt frå min bror?
    Skulle gjerne vite om alt er vel
    Her eg går oppslukt i fargespel

    Det er ei lise, di vakre røyst
    Ho gjev slik lindring, ho gjev slik trøyst
    Det er ei lette å sjå deg slik
    Eg lukkar auga, du er far din lik

    Eg er ein vandrar forutan stav
    Eg spelar korta som livet gav
    Kva enn du gjev meg, tek eg imot
    Men det eg ønskjer, ligg alt for min fot

    Eg er ein vandrar med blikket vendt
    Mot fjerne kystar der lys er tent
    Eg er ein framand der du er kjent
    Eg går ei line einkvan har spent

    Alt det eg drog frå, det ligg så dimt
    Kan berre sjå det i korte glimt
    Kan berre gripe eit liten del
    Eg er ein vandrar med kropp og sjel

  • 10Skulle kledd deg i silke

    Skulle kledd deg i silke som kom frå Rangoon
    Skulle planta eit mandeltre midt på ditt tun
    Skulle kyst bort kvar tåre frå dine flammande kinn
    Skulle gått bort til døra og late deg inn

    Skulle heidra den staden der eg såg deg fysst
    Skulle lytta til røysta djupt i mitt bryst
    Skulle bore deg over kvar elv og kvar bekk
    Skulle laga ei skisse som fanga inn dine trekk

    Du kjem meg i møte med ryggen så rak
    Som ein fjellblom brakt til meg frå verda sitt tak
    Som jade frå Kina, som rav ifrå Fyn
    Som rullande tore, som flerrande lyn

    Du er boka eg blar i, du er vegen eg går
    Du er lina eg kastar, du er kornet eg sår
    Du er stråla som treff meg, du er flamma som brenn
    Du er skrifta som slyngjer seg mjukt frå min penn

    Far min blei teken av ei bølgje ein gong
    Han vakna til lyden av ei kvinne som song
    Det er ei underleg verd her, for folk og for dyr
    Med hardbarka tjuvar og heilage kyr

    Skulle kledd deg i silke som kom frå Rangoon
    Skulle planta eit mandeltre midt på ditt tun
    Skulle kyst bort kvar tåre frå dine flammande kinn
    Skulle gått bort til døra og late deg inn

  • 11Song gjennom natta

    Eg trur eg er vorten
    Døv, stum og blind
    Du kjem beint imot meg
    Men det er som du svinn
    Du rører på munnen
    Men allting er stilt
    Eg er viss på, i grunnen
    At du ønskjer meg ilt
    Eg tenkjer på trea
    Som regnet og vinden bryt ned
    Du må gjerne få syngje
    Om du kan ein song om det

    Eg stirar omkring meg
    På skuggar og skrømt
    Kvart prov eg har planta
    Kvar mann eg har dømt
    Kvart val eg har rigga
    Kvar plan eg har smidd
    Kvar mynt eg har tigga
    Kvart beist eg har ridd
    Eg prøver å sove
    Men nettene gjev meg kje fred
    Du må gjerne få syngje
    Om du kan ein song om det

    Ein gong var eg uredd
    Ein gong var eg djerv
    Eg stod fremst i rekka
    Og ytte min skjerv
    Eg hadde ei samling
    Av møblar og nips
    Ein djevel i marmor
    Ein engel i gips
    Eg gav bort dei fleste
    Beheldt berre to eller tre
    Du må gjerne få syngje
    Om du kan ein song om det

    Eg står midt i livet
    Og ser meg omkring
    Eg kom gjennom sivet
    Men eg gjekk visst i ring
    Eg snur meg tilbake
    Men alt eg kan sjå
    Er rimfrost og klake
    Der me brukte å gå
    Eg gjekk inn i ei kyrkje
    Men eg var ikkje kar om å be
    Du må gjerne få syngje
    Om du kan ein song om det

    I går var du hjå meg
    I dag er du dratt
    Eg tenkjer på tida
    Som aldri kjem att
    Eg tenkjer på frukta
    Som fell frå eit tre
    Eg tenkjer på undera
    Som aldri skal skje
    Eg tenkjer på tinga
    Me aldri får gjort noko med
    Du må gjerne få syngje
    Om du kan ein song om det

  • 12Då eg såg deg sist

    Var ikkje klemmen du gav meg litt hardare
    Då eg såg deg sist?
    Var ikkje lufta imellom oss klarare
    Då eg såg deg sist?
    Var ikkje alt meir komplett
    Kvar einaste tone heilt rett?
    Fall ikkje alt meir på plass
    Då du gav meg eit blikk så fast?

    Var ikkje smilet du sende meg varmare
    Då eg såg deg sist?
    Stod me ikkje kvarandre litt nærmare
    Då eg såg deg sist?
    Var det ikkje som skuggane svann
    Då du la di hand i mi hand?
    Var det ikkje som noko slapp tak
    Då du stod der med ryggen rak?

    Skår i gleda
    Slik har eg det no
    Skår i gleda
    Men me har allverdas tid, me to
    Skår i gleda
    Det er slik det er
    Skår i gleda
    Men du veit eg har deg kjær

    Var ikkje rørslene dine litt friare
    Då eg såg deg sist?
    Var ikkje porten du stod i litt vidare
    Då eg såg deg sist?
    Var ikkje kvart ord som blei sagt
    Som ein kode for ei hemmeleg pakt?
    Fekk kje allting eit lettare preg
    Som om landskapet opna seg?

    Var ikkje elva som rann liksom reinare
    Då eg såg deg sist?
    Var ikkje vegen me fann liksom beinare
    Då eg såg deg sist?
    Eg veit om alt som gjekk tapt
    Men nett no ser eg det knapt
    Eg ser berre den du kan bli
    Mjuk og seig og sterk og fri

    Skår i gleda
    Slik har eg det no
    Skår i gleda
    Men me har allverdas tid, me to
    Skår i gleda
    Ein vakker kveld
    Skår i gleda
    Eg ser kje lyset, men eg ser kor skuggen fell

Bidragsytere

Produsert av Jørund Fluge Samuelsen
Mikset av David Bianco, L.A.
Mastret av Björn Engelman ved Cutting Room, Stockholm

Tom Roger Aadland: vokal, gitar & munnspill
Olav Christer Rossebø: fele, mandolin, mandola & banjo
Kjetil Steensnæs: elektrisk & akustisk gitar, dobro, pedal steel & lap steel
Bjarne Gustavsen: piano & orgel
Jørun Bøgeberg: bass
Trond Augland: trommer & perkusjon
Hildegunn Garnes Reigstad: klokkespill & celesta
Grethe Svensen: vokal

Grafisk design: Raffaele Malanga, Far Studios
Portrett: Ragnhild Kjetland