Det du aldri sa

Tekstar

Om du kjem over

Om du kjem over, kan me bli betre kjent
Om du kjem over, kan me bli betre kjent
Eg er ei kraftlinje i fjellet, eg er ein boge som er spent

Om du kjem over, skal eg gå ned i din dal
Om du kjem over, skal eg gå ned i din dal
Og om du er Himalaya, er eg ein sherpa frå Nepal

Eg kan høyre deg i porten, du har så lette steg
Støvlettar av den sorten som eg ville kjøpt til deg
Om du kjem over, skal du få sjå at eg kan vere ram
Eg kan ta på mange skapnadar, eg kan gå inn i mang ein ham

Om du kjem over, skal eg hente sleggja fram
Om du kjem over, skal eg hente sleggja fram
Vel, eg er ikkje rask i takten, men eg er ganske stø og jamn

Om du kjem over, skal eg slå ned ein vegg og to
Om du kjem over, skal eg slå ned ein vegg og to
Du skal få sove som ei dronning når me omsider går til ro

Eg kan sjå deg stå i døra med høge, heite kinn
Du seier, «Legg ifrå deg børa, i kveld så er du min»
Om du kjem over, kan me finne prov for at kjærleik finst
Du veit, av og til tenkjer ein klårare når ein er lettare til sinns

Om du kjem over, får eg tidsnok sjå
Om du kjem over, får eg tidsnok sjå
Det er klokkaren som ringjer, men ingen veit heilt kven som rår