Det du aldri sa

Tekstar

Der eg er no

Eg har vandra i byar i framande land
Funne gull i ei gruve og rav på ei strand
Eg har budd på ei søyle der ingen kom opp
Der alt selskapet mitt var ei skål og ein kopp

Men aldri har eg vore der eg er no
Det er ein heilt eigen stad
Med ei heilt eiga ro
Nei, aldri har eg vore der eg er no
Det er ein heilt eigen stad
Berre mellom oss to

Eg har skjøtt mine plikter ved Faraos hoff
Eg har sydd keisaren klede av det vakraste stoff
Eg har venta i porten for å hente mi løn
Ære og framgang, det var inga bøn

Men aldri har eg vore der eg er no
Det er ein heilt eigen stad
Med ei heilt eiga ro
Nei, aldri har eg vore der eg er no
Det er ein heilt eigen stad
Berre mellom oss to

Eg har vore i vinden, eg har stått i full sol
Eg har nekta på alt sidan før hanen gol
Eg har gått ifrå templet og inn i basaren
Eg måtte leggje att pennen, eg fekk behalde gitaren

Men aldri har eg vore der eg er no
Det er ein heilt eigen stad
Med ei heilt eiga ro
Nei, aldri har eg vore der eg er no
Det er ein heilt eigen stad
Berre mellom oss to