Det du aldri sa

2011

Det du aldri sa var Tom Roger Aadlands første album med originallåter på nynorsk. Albumet ble innspilt høsten/vinteren 2010/11 med bandet fra Blod på spora forsterket med pedal steel, kontrabass, fele og mandolin. Lydbildet på platen er preget av de akustiske strengeinstrumentene, og mange av sangene har et klart folk-preg. Det du aldri sa kom ut i mars 2011 til fine kritikker. Sanger som ble trukket fram, var Fall for deg for alvor, Der eg er no og Postkort i oktober.

Tekstar

  • 1Fall for deg for alvor

    Eg fall for deg for alvor i ei sliten Folkevogn
    Ein stad på vegen mellom Romsdalen og Sogn
    Eg veit kje heilt nøyaktig kor, det var som verda svann
    Att var berre sjela di, og hjartet mitt som brann

    Og sola sokk i havet medan håpet sokk i meg
    Då einkvan nemnde namnet på han som gjaldt for deg
    Ei form for fred forlét meg medan ferja la til lands
    Blikket ditt og lengta mi var det einaste som fanst

    Eg rakar rundt i glørne, eit bilete tek form
    Du seier noko til meg ifrå auget av ein storm
    Skulle gjerne hatt ein kjentmann, ein som visste om ei leid
    Men alt eg har er arret frå eit sår som berre svei

    Å, katten min har spasmar og hunden min er døv
    All varme eg har kjent på skal eingong bli til støv
    Eg ser meg over skuldra, tenkjer, «Det var det eg rakk»
    Eg har kje høyrt ei plate, ikkje sidan stiften brakk

    I dagar og i netter såg eg etter deg
    Eg kjenner kvar ein hårnålssving av det som blei min veg
    Eg skulle ikkje ha sirkla, eg skulle ha gått beint
    Eg skulle ha teke det du aldri sa slik det var meint

    Eg fall for deg for alvor i ei sliten Folkevogn
    Ein stad på vegen mellom Romsdalen og Sogn
    Eg veit kje heilt nøyaktig kor, det var som verda svann
    Att var berre sjela di, og hjartet mitt som brann

  • 2Der eg er no

    Eg har vandra i byar i framande land
    Funne gull i ei gruve og rav på ei strand
    Eg har budd på ei søyle der ingen kom opp
    Der alt selskapet mitt var ei skål og ein kopp

    Men aldri har eg vore der eg er no
    Det er ein heilt eigen stad
    Med ei heilt eiga ro
    Nei, aldri har eg vore der eg er no
    Det er ein heilt eigen stad
    Berre mellom oss to

    Eg har skjøtt mine plikter ved Faraos hoff
    Eg har sydd keisaren klede av det vakraste stoff
    Eg har venta i porten for å hente mi løn
    Ære og framgang, det var inga bøn

    Men aldri har eg vore der eg er no
    Det er ein heilt eigen stad
    Med ei heilt eiga ro
    Nei, aldri har eg vore der eg er no
    Det er ein heilt eigen stad
    Berre mellom oss to

    Eg har vore i vinden, eg har stått i full sol
    Eg har nekta på alt sidan før hanen gol
    Eg har gått ifrå templet og inn i basaren
    Eg måtte leggje att pennen, eg fekk behalde gitaren

    Men aldri har eg vore der eg er no
    Det er ein heilt eigen stad
    Med ei heilt eiga ro
    Nei, aldri har eg vore der eg er no
    Det er ein heilt eigen stad
    Berre mellom oss to

  • 3Tyngde og lette

    «Eg treng noko tungt», sa han, «Til å halde meg fast,
    Eg er lett som ei fjør no, eg treng til ballast.
    Sei meg nokre ord, du, dei tyngste du kan.»
    Ho tenkte seg om litt, og sa, «Du er min mann.»

    «Eg treng noko lett», sa ho, «Til å løfte meg opp,
    Det kan vere av sjel og det kan vere av kropp.»
    Nemn meg ein grunn, du, som kan setje meg fri.»
    Han tenkte seg om litt, og sa, «At du er mi.»

    Stjernene blenkjer, månen heng bleik,
    Eg går og tenkjer på under og teikn.
    Eg ser på ei stjerne, eg høyrer ein bil,
    Ein dur i det fjerne, som min svinnande tvil.

    «Eg treng noko lett», sa ho, «I denne verda av bly,
    Som kan halde meg oppe til min morgon gryr.»
    «Eg treng noko tungt», sa han, «Eg treng det så sårt,
    La oss gå ned i dalen og sjå alt som er vårt.»

  • 4Støyande hjarte

    Her er mitt støyande hjarte
    Her er min døyande puls
    Eg kan trenge litt hjelp med å starte
    Klarar du det, er me skuls

    Eg veit at du ikkje tenkte
    Å vere så kort og kontant
    Og eg hadde ikkje trengt å
    Ta det fullt så galant
    Men no er terningen kasta
    No er stormen på veg
    Eg har surra meg fast til masta
    Eg blundar og ser for meg deg

    Her er mitt støyande hjarte
    Her er min døyande puls
    Eg kan trenge litt hjelp med å starte
    Klarar du det, er me skuls

    Då eg såg deg først, gjekk eg i dørken
    Det var eitt eller anna ved deg
    Som sa meg at førti års ørkenvandring
    Var over for meg
    Du førte deg nett som ei dronning
    Som om du var skjult bak eit slør
    Du smakte som mjølk og som honning
    Ingenting kunne bli slik som før

    Her er mitt støyande hjarte
    Her er min døyande puls
    Eg kan trenge litt hjelp med å starte
    Klarar du det, er me skuls

    Då du sa du kom att ifrå rehab
    Skal eg innrømme eg stod litt fast
    Du hadde laga deg hijab
    Av ein berepose i plast
    Eg leita etter noko å sei deg
    Nøytralt og politisk korrekt
    Eg spurde deg om du var lei deg
    Og baud deg libanesisk konfekt

    Her er mitt støyande hjarte
    Her er min døyande puls
    Eg kan trenge litt hjelp med å starte
    Klarar du det, er me skuls

    Då du sa at min kjærleik var nedsnødd
    Var det noko du ville ha fram
    Då du spurde meg om det var medfødd
    Og avslo mitt tilbod om kam
    Visste eg ei rose var sprungen
    Og visna bort medan eg såg
    Visste eg at songen var sungen
    Eg visste alt det der eg låg

    Her er mitt støyande hjarte
    Her er min døyande puls
    Eg kan trenge litt hjelp med å starte
    Klarar du det, er me skuls

    No har eg dratt for å gløyme
    Og skipet har lagt ifrå land
    Men av og til, oftast i drøyme
    Kjem du mot meg på ei strand
    Og du kviskrar, ”My love” og ”Mein Lieber”
    ”Mi amore” og ”Min hjartans kjær”
    Og eg vaknar og veit med kvar fiber
    Eg må anløpe der som du er

    Her er mitt støyande hjarte
    Her er min døyande puls
    Eg kan trenge litt hjelp med å starte
    Klarar du det, er me skuls

  • 5Fiskarmanns blues

    Eg ønskjer eg var fiskar
    Mellom bølgjer på ein båt
    For alt som jorda gav meg
    Var skuffelsar og gråt
    Eg sette ut mi line
    Med kjærleik, fri og rein
    Og ingenting låg over meg
    Berre stjernene som skein
    Med ljos i mitt sinn
    Med deg i min famn

    Eg ønskjer eg var mannskap
    På eit tog i veldig fart
    Som skar igjennom landskapet
    Medan regnet piska hardt
    Og gynginga frå svillene
    Var alt eg kjende att
    Og namn på byar fôr forbi
    Ei sjelfull vinternatt
    Med ljos i mitt sinn
    Med deg i min famn

    Og eg veit eg skal bli frigjort
    Frå alt omkring som bind
    Og lekkjene skal falla
    Når morgonen set inn
    Den lagnadsfulle dagen
    Skal eg ta imot di hand
    Då er eg mannskap på eit tog
    Då er eg fiskarmann
    Med ljos i mitt sinn
    Med deg i min famn

    Original tittel: FISHERMAN’S BLUES
    Tekst & musikk: Michael Scott/Stephen Patrick Wickham
    Norsk tekst: Tom Roger Aadland
    © Warner/Chappell Music Scandinavia AB / Blue Mountain Music Scandinavia

  • 6Skipet mitt

    Båten min gjer femten knop
    Det er nok for ein misantrop
    Har ingen hast med å kome fram
    Eg er i transitt mellom synd og skam

    Båten min
    Ganske lik båten din
    Ein gunstig vind
    Er det som tel

    Skipet mitt
    Ganske likt skipet ditt
    Skakt og slitt
    Men dei seier det har sjel

    Båten min gjer tretten knop
    I lasta har eg eit periskop
    Eg kan sjå attende på alt eg har gjort
    Er det rart eg reiser bort?

    Båten min
    Ganske lik båten din
    Ein gunstig vind
    Er det som tel

    Skipet mitt
    Ganske likt skipet ditt
    Skakt og slitt
    Men dei seier det har sjel

    Båten min gjer elleve knop
    Snart ligg han i ei Stillehavsgrop
    Men enn så lenge er eg kaptein
    Eg skal sigle til mi sjel er rein

    Båten min
    Ganske lik båten din
    Ein gunstig vind
    Er det som tel

    Skipet mitt
    Ganske likt skipet ditt
    Skakt og slitt
    Men dei seier det har sjel

  • 7Om du kjem over

    Om du kjem over, kan me bli betre kjent
    Om du kjem over, kan me bli betre kjent
    Eg er ei kraftlinje i fjellet, eg er ein boge som er spent

    Om du kjem over, skal eg gå ned i din dal
    Om du kjem over, skal eg gå ned i din dal
    Og om du er Himalaya, er eg ein sherpa frå Nepal

    Eg kan høyre deg i porten, du har så lette steg
    Støvlettar av den sorten som eg ville kjøpt til deg
    Om du kjem over, skal du få sjå at eg kan vere ram
    Eg kan ta på mange skapnadar, eg kan gå inn i mang ein ham

    Om du kjem over, skal eg hente sleggja fram
    Om du kjem over, skal eg hente sleggja fram
    Vel, eg er ikkje rask i takten, men eg er ganske stø og jamn

    Om du kjem over, skal eg slå ned ein vegg og to
    Om du kjem over, skal eg slå ned ein vegg og to
    Du skal få sove som ei dronning når me omsider går til ro

    Eg kan sjå deg stå i døra med høge, heite kinn
    Du seier, «Legg ifrå deg børa, i kveld så er du min»
    Om du kjem over, kan me finne prov for at kjærleik finst
    Du veit, av og til tenkjer ein klårare når ein er lettare til sinns

    Om du kjem over, får eg tidsnok sjå
    Om du kjem over, får eg tidsnok sjå
    Det er klokkaren som ringjer, men ingen veit heilt kven som rår

  • 8Som det var i går

    Det er som det var i går
    Eg kjenner enno angen av ditt hår
    Det er som det nett har hendt
    Du stod framføre meg, som var du himmelsendt

    Ei røyst sa meg, «Ta av dine skor
    Veit du ikkje du trør på heilag jord?»
    Eg løyste lissene og i meg var det stilt
    Du tok meg inn, så enkelt og så mildt

    Steg for steg, dag for dag
    Blir me langsamt tryggare i lag
    Dag for dag, steg for steg
    Kjem eg sakte nærare deg

    Eg veit alt som natta såg
    Eg kjenner varmen frå senga der me låg
    Som om det var i går
    Den gong vår kjærleik hadde semre kår

    No er allting i eit anna spor
    Eg vil kje lenger nagle deg med ord
    Eg vil kje lenger syne eller spå
    Det er berre ein ting som eg er sikker på

    Steg for steg, dag for dag
    Blir me langsamt tryggare i lag
    Dag for dag, steg for steg
    Kjem eg sakte nærare deg

  • 9Om du står fast ved det du sa

    Om du står fast ved det du sa
    Den gong då månen var så stor
    Då må eg bryte opp og dra
    Då får eg aldri fred på jord

    Om du står fast ved det du sa
    Den gong då sola stod så høgt
    Då må eg bryte opp og dra
    Og gjera nok eit siste søk

    Me høyrer saman du og eg
    Og ingen ting kan skilje oss
    Ikkje larmen frå ein veg
    Ikkje stilla i ein foss

    Om du står fast ved det du sa
    Den gong ei stjerne skein så klårt
    Då må eg bryte opp og dra
    Då må det til, om det er sårt

    Denne verda skal forgå
    Så grøn og vakker som ho er
    Men eg trur kjærleik vil bestå
    Nett som eg veit eg har deg kjær

  • 10Postkort i oktober

    Dei sa at sjansane var skrale
    For at du kunne vere i ro
    Dei sa det var for gale
    Dei som pratar om deg no

    Dei sa du flaug rundt som ei svale
    Som om du ikkje eigde skam
    Dei sa det var for gale
    Då han fall for deg som eit lam

    For det var vinden kringom nova
    Som sette blikket ditt i brann
    Og det var helgekos i stova
    Som låg nærast hjartet hans

    Rekk ut handa når du vaknar
    Sjå ut glaset før du dreg
    Nemn eit ord for det du saknar
    Og kom gjerne innom meg

    Dei sa det låg til slekta
    Dei sa det var i ditt blod
    Kvar mann bar stein til vekta
    Alle kunne sjå kor pila stod

    Du hadde alltid denne trongen
    Til å sjå rundt neste sving
    Du høyrde denne svake songen
    Der andre ikkje høyrde nokon ting

    Du fekk eit jentebarn den våren
    Men lydde òg ei anna lov
    Og natta etter ho var boren
    Tok du bussen mens dei sov

    Rekk ut handa når du vaknar
    Sjå ut glaset før du dreg
    Nemn eit ord for det du saknar
    Og kom gjerne innom meg

    Det kom eit postkort i oktober
    Du skreiv med stempel Göteborg
    «Eg vonar smerta kan gå over
    Eg meinte aldri valde sorg»

    Stikk i strid med kva dei venta
    Tok han børa di på seg
    Han tok seg så godt av den jenta
    Sa aldri eitt skeivt ord om deg

    Då synte han at han var deg verdig
    Når domarane hadde gått
    Song han heile songen ferdig
    Meir enn det fragmentet du hadde fått

    Rekk ut handa når du vaknar
    Sjå ut glaset før du dreg
    Nemn eit ord for det du saknar
    Og kom gjerne innom meg

    Me bur i landsbyar av glashus
    Eg sopar skåra opp kvar kveld
    Me lærer alt om verb og kasus
    Og sårar kvarandre likevel

    No har dotter di blitt vakker
    Til våren står ho konfirmant
    Ho minner om deg når ho snakkar
    Om eit svalereir ho fann

    Eg ser på dotter di og tenkjer
    Må ho få vakse sterk og fri
    Må ho få bryte sine lenkjer
    Helst utan at nokon må li’

    Rekk ut handa når du vaknar
    Sjå ut glaset før du dreg
    Nemn eit ord for det du saknar
    Og kom gjerne innom meg

Bidragsytere

Produsert av Tom Roger Aadland
Mikset av Stig Morten Sørheim ved ABC Studio
Mastret av Björn Engelmann ved Cutting Room, Stockholm

Tom Roger Aadland: vokal, gitar & munnspill
Linn Frøkedal: vokal
Olav Christer Rossebø: fele, mandolin, mandola
Kjetil Steensnæs: pedal steelgitar, dobro, gitar
Brian Connor: piano & orgel
Kjetil Lundø: kontrabass
Per Steinar Lie: bass
Ørjan Haaland: slagverk

Foto: Edgar G. Bachel
Grafisk design: Raffaele Malanga, Far Studios