Blondt i blondt

Tekstar

Regnvêrsdamer #12 & 35

Vel, dei steinar deg når du er snill og god
Dei steinar deg, dei sa det til deg, jo
Dei steinar deg når du har tenkt deg heim
Dei steinar deg når du er ute seint
Men eg ville ikkje kjent meg så åleine
Alle saman må bli steine

Vel, dei steinar deg når du går gatelangs
Dei steinar deg så snart dei får ein sjans
Dei steinar deg når du skal låse opp
Dei steinar deg når du hentar deg ein kopp
Men eg ville ikkje kjent meg så åleine
Alle saman må bli steine

Dei steinar deg når du lagar deg ei skive
Dei steinar deg når du tar til på livet
Dei steinar deg når du har dårleg råd
Dei steinar deg og så seier dei, «stå på»
Høyr her, eg ville ikkje kjent meg så åleine
Alle saman må bli steine

Vel, dei steinar deg og seier du har dratt
Dei steinar deg og sidan kjem dei att
Dei steinar deg når du står og gjer deg klar
Dei steinar deg når du står der med gitar
Men eg ville ikkje kjent meg så åleine
Alle saman må bli steine

Vel, dei steinar deg når du er ute seint
Dei steinar deg når du har tenkt deg heim
Dei steinar deg og spør kor du blei av
Dei steinar deg når du blir lagt i di grav
Men eg ville ikkje kjent meg så åleine
Alle saman må bli steine