Blod på spora

Tekstar

Vind utan vit

Nokon vil få has på meg, dei plantar løgner i eit blad
Eg skulle ønskje at dei heldt opp snart, men eg kan berre gisse når det dabbar av.
Dei seier eg drog utanlands med kona til ein kar eg skaut ned,
Ho ervde visst ein million som eg overtok då ho strauk med.
Så heldig kan ein vere.

Stadig vekk kjem folk til meg og det er som dei ikkje hugsar koss dei går fram
Dei har tankar og idear og fakta som er så vrengde at det er ei skam,
Jamvel du måtte spørje meg koss det var fatt i går,
Eg kunne kje tru du ikkje kjende meg betre enn det etter så mange år,
Mi kjære.

Vind utan vit, blæs kvar gong du rører munnen din munnen din,
Blæs langs kvar ein bortgøymd veg eg finn.
Vind utan vit, blæs om kvar ein jeksel på din kant,
Du er heilt utan vit,
Det er eit under at du framleis andar jamt.

Eg råka på den klarsynte, som sa ta deg i vare når lynet slær
Eg har kje kjent på fred eller ro på så lenge no, eg kan ikkje hugse koss det er.
Det er ein einsleg krigar på ein kross, ei vogn der røyken strøymer ut
Du visste kje, du trudde ikkje det kunne skje, men krigen vann han heilt til slutt
Etter han tapte alle slaga.

Eg vakna opp i vegkanten med dagdraumar om koss det av og til er fatt
Syner utav hoppa di fer gjennom meg så eg ser stjerner, radt.
Du dekte sanning til med løgn og såra dei eg elska mest
Ein dag ligg du i ei grøft medan floger summar kring din hest,
Dreg du dei siste draga.

Vind utan vit, blæs igjennom blomane på di grav,
Blæs igjennom løfta som du gav.
Vind utan vit, blæs om kvar ein jeksel på din kant
Du er heilt utan vit,
Det er eit under at du framleis andar jamt.

Det var lagnaden som skilde oss og tyngdekrafta som drog oss ned
Du tamde løva i mitt bur, men hjartet mitt det rådde du ikkje med.
No er allting litt opp ned, faktisk stoppa hjula opp
Alt godt er dårleg, dårleg godt, du finn ut når du kjem til topps
At du er på botnen.

Eg såg det under høgtida, du er gjort blind av vegen som du gjekk
Eg kan kje lenger hugse deg, din munn er annleis, blikket slår du vekk.
Ein svartkledd prest på sjuande dagen sat urørleg medan bygningen brann.
Eg venta på deg våren gjennom, ved selja stod eg klar til sprang
Til haustlauvet rotna.

Vind utan vit, blæs i sirklar rundt om skallen min
Ifrå Longyearbyen og til Glittertind
Vind utan vit, blæs om kvar ein jeksel på din kant
Du er heilt utan vit,
Det er eit under at du framleis andar jamt.

Eg kan kje lenger føle deg, eg kan kje røre bøkene du las
Kvar gong eg kryp framom døra di, har eg ønska at eg var ein annan kar,
Vegen ned og sporet ut, heilt fram dit ekstasen rår
Eg følgde deg under stjernene, med minna om deg som opne sår
Og som det raste om di ære.

Eg har vorte narra no for siste gong og eg er fri no, endeleg,
Eg kyste dyret til farvel på grenselina som skilde deg frå meg.
Aldri skal du vite alt eg leid medan eg steig mot dag
Og aldri skal eg heilt forstå din heilagdom, ditt kjærleiks slag,
Og den børa må eg bere.

Vind utan vit, blæs igjennom kleda som me heiv
Blæs igjennom breva som me skreiv
Vind utan vit, blæs igjennom støvet der me sat
Me er heilt utan vit,
Det er eit under at me kan ta til oss mat.

Tekst & musikk: Bob Dylan
Norsk tekst: Tom Roger Aadland