Blod på spora

Tekstar

Opp til meg

Allting gjekk frå vondt til verre, pengar hjelpte aldri nokon gong,
Dauden følgde hakk i hæl, i det minste høyrde eg fuglesong.
Nokon må vise kva dei har, tida er fiendtleg,
Eg veit at du har dradd for godt,
Det er visst opp til meg.

Hadde eg tenkt meg om, så ville eg aldri gjort det, eg hadde heller gjort ein bøyg,
Om eg skulle levd etter kva andre tenkte, ville hjartet i meg døydd.
Eg var berre for sta til å ville late vanvit styre mine steg,
Nokon måtte gå etter stjernene,
Det var visst opp til meg.

Å, toget rullar langsamt ut og orkideane står i flor,
Eg har berre ei god skjorte att, og ho luktar av parfyme frå i fjor.
Eg har smilt ein gong på fjorten månader, og det hadde eit umedvite preg,
Nokon må finne sporet ditt,
Det er visst opp til meg.

Det var som ei openberring då dine kjærteikn blei til svik,
Eg hadde mest overtydd meg sjølv om at stoda mellom oss var lik.
Drankaren med ei maske av jarn gav meg nøkkelen til deg,
Nokon måtte låse opp hjartet ditt,
Han sa at det var opp til meg.

Vel, eg såg deg forsvinne sakte inn på offiserane sin bankett,
Eg ville følgd rett etter deg, men eg hadde ikkje løyst billett.
Så eg venta heile natta på at ein av oss kunne frie seg,
Då det grydde av dag over brua,
Visste eg det var opp til meg.

Det eine gode tingen eg gjorde då eg arbeidde på postkontor
Var å rive biletet ditt av veggen bak mitt skrivebord.
Var eg ein tosk eller ikkje som freista skjule dine steg?
Du såg litt utbrend ut, min ven,
Eg tenkte det var opp til meg.

Vel, eg møtte nokon sjel til sjel, eg måtte ta hatten av,
Ho er alt eg treng og elskar, men eg kan ikkje slå av på mine krav.
Det skremmer meg å tenkje på eit liv så lukkeleg,
Men ho kjem ikkje til å be meg inn,
Det blir visst opp til meg.

Me høyrde heile Bergpreika, eg visste ho var for lite klår,
Det kom ikkje stort meir utav det enn det som skin i knuste skår.
Når du tek munnen litt for full, så vil det alltid seg,
Nokon må fortelje historia,
Det er visst opp til meg.

Det kom ein fyr på kafeen i kveld og ville ha mitt namnetrekk,
Vilde ville prate med han, eg måtte berre snu meg vekk.
Eg treng sårt til ditt selskap, eg finn kje kvile utan deg,
Men du kjem ikkje til å bryte ut,
Det er visst opp til meg.

Det er ein setel att i flaska der, du kan gje han til kven du vil,
Eg veit kven du vil spørje om, men eg har kje meir å leggje til.
Me høyrde stemmer begge to, det som er att no er endeleg,
Ein av oss må ta til tårene,
Det er visst opp til meg.

Livet er eit mimespel, så stå på, alle mann,
De har ikkje særleg tid til overs, seier dei som fører an.
Og jenta som er med meg no vel sjølv sin eigen veg,
Ein av oss må bryte opp,
Det er visst opp til meg.

Og om me aldri møtest att, min kjære, tenk på det som var
Koss eg spelte fritt ein song for deg på munnspel og gitar.
Og kvar ein tone som eg blæs var fullt og heilt til deg,
Ingen andre kunne det,
Du veit at det var opp til meg.

Tekst & musikk: Bob Dylan
Norsk tekst: Tom Roger Aadland