Blod på spora

Tekstar

Om du ser ho, hels frå meg

Om du ser ho, hels frå meg, ho er visst i Tanger
Ho drog herfrå på vårparten, eg har høyrd ho lever der
Hels og sei eg klarar meg, om det går litt trått i blant
Kan hende trur ho eg har gløymt, ikkje sei det ikkje er sant.

Det skar seg mellom oss, slik det ofte vil
Men enno renn det kaldt i meg når eg tenkjer på koss det gjekk til
Og sjølv om brotet skar meg i hjartet kvar ein dag
Bur ho enno inni meg, me skilde aldri lag.

Om du kjem nær ho, kyss ho i frå meg
Eg har stor respekt for alt ho gjorde for å frie seg
Eg vil kje stå i vegen, kva enn som gjer ho glad
Om den bitre smaken sit i frå då eg bad ho om å ikkje dra.

Eg treff på mang slags folk på rundane eg gjer
Og i kvar by eg kjem til høyrer eg namnet hennar her og der
Og eg har ikkje blitt van med det, men eg har lært å skru det av.
Kanskje er eg litt for sart for lærdommen ho gav.

Eg ser på det som var, den gong ho var mi
Eg kan kvar scene utanåt, så fort dei fòr forbi.
Og om ho kjem forbi her, finn ho enkelt vegen hit
Sei at ho må helse på, dersom ho har tid.

Tekst & musikk: Bob Dylan
Norsk tekst: Tom Roger Aadland