Releases:

  • Sommaren utan ende – Singel
  • Songfugl

Sommaren utan ende

Eg hugsar enno sommaren då alle ting vart annleis
Om eg lukkar auga, kan eg sjå det for meg framleis
Formene og fargane og skuggane og ljoset
Varmen ifrå asfalten, dufta av ei nyperose
Hundekjeks og honningblom og løvetann og kløver
Vere vilt forelska, prøve tenkje ut ein lur manøver
Eg hugsar djupe lengsler, eg hugsar høge stengsler
Eg hugsar porten som song sårt ein song på rustne hengsler
Sommaren utan ende
Sommaren allting hende

Fire-fem fisk, to-tre brød, ein flokk med måkar midt i fjorden
Storebror min, sneip i kjeften, krumbøygd over båtmotoren
Jentene som over natta blei til underfulle englar
Gutane som like fort skaut opp som mistilpassa stenglar
Ein gong tok me snarvegen igjennom den forgjorde skogen
Me åt frukta rett frå treet, lenge før ho var mogen
Det første kysset, den første rusen
Eg ville kjent igjen det andletet blant hundretusen
Sommaren utan ende
Sommaren allting hende

Englar står med flammesverd, no, kring det tapte paradiset
Eg sit på Asylet med ein gamal ven i samlivskrise
Underleg koss det du held i handa di kan gli ifrå deg
Undrast kor det blei av deg? Det hender at eg tenkjer på deg
Eg veit kje kor du er hen, veit kje kva eg sjølv held på med
Kanskje står eg einkvan stad og syng om alt eg ikkje rår med
Eg har aldri vore typen som går rundt og mimrar
Men om eg lukkar auga, ser eg for meg fjorden, som han skimrar!
Sommaren utan ende
Sommaren allting hende