Releases:

  • Rapport frå eit grensehotell

Songen av jorda

Det er songen av jorda du høyrer
Eit ufullenda meisterverk, for visst
Stundom blir han spelt for døve øyrer
Stundom gjer han den som lyttar trist

Eg skulle ha sagt då eg såg deg
Du var så vakker at det gjorde vondt
Og vondt blei verre då eg gjekk ifrå deg
Djupt inni meg ein stad gjekk noko sundt

Det er songen av jorda du høyrer
Eg tråva gate opp og gate ned
Stundom blir han spelt for døve øyrer
Stundom gjev han den som lyttar fred

Du var som ei rose utsprungen
Du blømde frå ei frosen jord så skrinn
Eg strekte handa ut, som var eg tvungen
Og strauk bort kvar ei tåre frå dine kinn

Det er songen av jorda du høyrer
Eg skulle gjerne sett deg ein gong til
Stundom blir han spelt for døve øyrer
Men han leier aldri den som lyttar vill

Det hender eg snur meg i svevne
Det hender at eg vaknar av at eg græt
Eg tek dagane som dei kjem, etter beste evne
Du var det beste som eg nokon gong forlét

Det er songen av jorda du høyrer
Eg veit det no, at du blir aldri mi
Stundom blir han spelt for døve øyrer
Stundom set han den som lyttar fri

Han kling for dei svakaste svake
For alle dei som langsamt stig i rang
For alt som låg der forsvarslaust og nake
Kvar veg du begynte på, som blei for lang

Det er songen av jorda du høyrer
Eit ufullenda meisterverk, for visst
Stundom blir han spelt for døve øyrer
Stundom gjer han den som lyttar trist