Releases:

  • Like til mi dør – Singel
  • Rapport frå eit grensehotell

Like til mi dør

Blant de kjæreste eiendelene i min tidlige ungdom var to kassetter med The Beatles: 1962-66 og 1967-70. På 1967-70 var båndet delvis krøllet i starten, så det tok mange år før jeg hørte slutten av Strawberry Fields Forever. Mesterverkene var vel på 1967-70, men popperlene på 1962-66 var jo flotte! From Me to You. Help. Nowhere Man. Hver gang jeg klarer å skrive en brukbar poplåt, tenker jeg på The Beatles og 1962-66-kassetten.

Du sa det var ingenting som måtte sikrast
Du sa det var ingenting som sprang vekk
Du sa det var ingenting som trong spikrast
Viser berre kor stutt synet stundom rekk
Eg har grunna lenge på det, korfor allting er så sårt
Om eg blundar, kan eg sjå det, kan eg sjå det ganske klårt

Eg kan sjå deg stå, eg kan sjå deg gå
Like til mi dør, slik du gjorde før
Då himmelen var blå
Eg kan sjå deg stå, eg kan sjå deg gå
Like til mi dør, slik du gjorde før
Då himmelen var blå

Du sa det var ingenting som måtte slettast
Du sa det var ingenting som ikkje kunne stå
Du sa det var ingenting som trong rettast
Men då eg kom innom, kva var det du gjorde på?
Eg var der i Åna-Sira, eg var der i Hommersåk
Eg var der då du var gira, eg var der då du var fjåk

Eg kan sjå deg stå, eg kan sjå deg gå
Like til mi dør, slik du gjorde før
Då himmelen var blå
Eg kan sjå deg stå, eg kan sjå deg gå
Like til mi dør, slik du gjorde før
Då himmelen var blå

Gjev det fanst ein veg tilbake
Ein veg i rom, ein veg i tid
Du sa du kjende jorda skake
Som om noko fór forbi

Dei sa det var ingenting å ta på veg for
Dei sa me alltid var eit umake par
Dei spurde meg kva eg enno såg på deg for
Eg såg ikkje på deg, eg såg på den du var
Me var saman på Roskilde, me var saman i Berlin
Om eg hadde fått meg til det, skulle eg sagt deg du var fin

Eg kan sjå deg stå, eg kan sjå deg gå
Like til mi dør, slik du gjorde før
Då himmelen var blå
Eg kan sjå deg stå, eg kan sjå deg gå
Like til mi dør, slik du gjorde før
Då himmelen var blå