Releases:

  • Rapport frå eit grensehotell

Hud mot hud

Alt er i endring
Lekam og sjel
Det gjev inga lindring
Men det forklarar ein del
Sist eg var hjå deg
Var det så klart
At du sa ifrå deg
Rolla di snart

Men ein gong såg du støtt min veg
Og ein gong drøymde eg om deg
Og ein gong låg me hud mot hud
Eg med ein stabel med bøker
Og du utkledd som brud

Det sprakar og gnissar
Eg kjem ikkje fram
Eg står her og gissar
Vilt på ditt namn
Eg trur kje du sa det
Før du gjekk bort
Du berre sa «Ha det»
Og forsvann inn ein port

Men ein gong såg du støtt min veg
Og ein gong drøymde eg om deg
Og ein gong låg me hud mot hud
Eg med mine djevlar
Og du med din bortkomne gud

Alt har ein ende
Somme ting to
Svaret du sende
Studerer eg no
Du skriv at du har det
Storveges i alt
Eg trur at eg tar det
Med ei klype salt

For ein gong såg du støtt min veg
Og ein gong drøymde eg om deg
Og ein gong låg me hud mot hud
Eg fri i mi armod
Og du tyngd av ditt skrud