Releases:

  • Rapport frå eit grensehotell

Haust

«Fatt deg kort no», sa dei til meg
«Og prøv å vere relevant.»
Eg sa, «Eg kan kje garantere det,
Men eg lovar å snakke sant.
Av og til så kjennest som om det blæs
Og allting sit litt laust.»
Det går mot haust.

Ganske snart så samla det seg
Ei folkemengde stor.
Alle undrast kva det var,
Men ingen sa eitt ord.
Eg såg spørjande på sidemannen,
Men han berre såg tilbake, taust.
Det går mot haust.

Det hender at eg ønskjer
At eg kunne dra herfrå,
Men eg lar deg ikkje vere att her,
Det kan du stole på.
Om dei spør koss eg handsama deg,
Så håpar eg at du kan svare raust.
Det går mot haust.

Somme har eit embete,
Somme har ei gate eller ei bod.
Somme, dei har songane
Som dei skreiv med sitt eige blod.
Eg vakna i dag tidleg
Og eg kjende at eg fraus.
Det går mot haust.