Releases:

  • Rapport frå eit grensehotell

Har du hatt den kjensla

I blant vet du i et glimt hvordan en hel sang skal være, etter at du har «hørt» bare noen ord eller toner. «Har du hatt den kjensla» var en slik sang. En journalist spurte meg nylig om jeg synes det er lett eller vanskelig å skrive sanger. Jeg oppdaget at jeg ikke kunne svare verken «det er lett» eller «det er vanskelig». Jeg tenker på låtskriving mer som et landområde jeg vet jeg må gjennom for å komme dit sangen er. Terrenget og lengden på turen kan variere. Musikalsk kunne denne sangen gjøres på to måter. Enten som en sentimental countrylåt (slett ikke feil) eller i en mer rocka versjon. Vi gikk for det siste.

Har du hatt den kjensla
At alt er ei erstatning
For eitt eller anna
Der ute ein stad
Har du hatt den kjensla
Du berre tar det med fatning
Mens du prøver å hugse
Kva engelen sa

Har du hatt den kjensla
Har du vakna opp
Og kjent etter varmen
Frå ein ikkjeeksisterande kropp
Har du hatt den kjensla
Har du sovna inn
Med tårer på puta
Tårer på kinn

Har du hatt den kjensla
At noko er gale
At det er noko viktig
Som du har gløymt
Har du hatt den kjensla
At du held berre skalet
At det som var inni
Enno ligg gøymt

Har du hatt den kjensla
Har du vakna opp
Og kjent etter varmen
Frå ein ikkjeeksisterande kropp
Har du hatt den kjensla
Har du sovna inn
Med tårer på puta
Tårer på kinn

Har du hatt den kjensla
At livet går frå deg
Som eit lokaltog
På ein stasjon
Eg vakna i morgons
Og det eg tok på meg
Høvde perfekt for
Ein mann utan von

Har du hatt den kjensla
Har du vakna opp
Og kjent etter varmen
Frå ein ikkjeeksisterande kropp
Har du hatt den kjensla
Har du sovna inn
Med tårer på puta
Tårer på kinn