Releases:

  • Rapport frå eit grensehotell

Farsfolket

Eg har gått omkring åleine
I kjærleiksskuggens dal
På leit etter den eine
På ein sti så altfor smal

Eg vil reise heim til farsfolket
Sjå kva stoff eg er gjort av
Reise heim til farsfolket
Sjå kvar vogge, sjå kvar grav

Eg har teke mine sjansar
Eg har gripe det eg såg
Eg har knytt skjøre alliansar
Eg har hoppa mellom tog

Eg vil reise heim til farsfolket
Finne ut kor eg kjem frå
Treng kje gruble, treng kje tolke
Treng berre høyre og å sjå

Dei sa me utfylte kvarandre
Dei som såg oss to i lag
Tung er vegen eg må vandre
Det er ei lang natts ferd mot dag

Eg vil reise heim til farsfolket
Som eg skulle ha gjort før
Reise heim til farsfolket
Der ikkje tak og vegger blør

Det er rart koss ting kan snu seg
Du sa du hadde meg så kjær
I denne verda må ein bu seg
På avskil, det er slik det er

Eg vil reise heim til farsfolket
Denne byen er så kald
Alle her ser etter ein rygg å dolke
Eg vil reise heim, det er det eg skal

Eg vil reise heim til farsfolket
Forbi svingen og litt til
Kome heim til farsfolket
Der elva renn så still