Releases:

  • Rapport frå eit grensehotell

Einsam utan deg

Eg har ein tung veg å gå
Eit langt lerret å bleike
Eg har ei mengd å endre på
Eg har kje tid til å leike

Eg har ei sak som ligg og gneg
Som eg ikkje får fred for
Du sa ditt svar var endeleg
Er det rart eg er nedfor?

Eg er einsam, einsam utan deg
Det står beint fram, beint fram
Dårleg til med meg

Eg har eit sår som ikkje gror
Ein ting som støtt ligg på meg
Eg har ei rose på mitt bord
Eg har slik hug til å sjå deg

Eg har ein draum der eg går
Gjennom eit brennande landskap
Eg har ein annan der eg står
Og mønstrar mitt mannskap

Eg er einsam, einsam utan deg
Det står beint fram, beint fram
Dårleg til med meg

Eg har ein lovnad fram i tid
Om at alt skal bli annleis
Du sa ein gong at du var mi
Det har eg tru på framleis

Eg er einsam, einsam utan deg
Det står beint fram, beint fram
Dårleg til med meg