Releases:

  • Fløyel og stål

Min beste ven på ein dårleg dag

«Ta du vegen over fjellet»
Det var det dei sa til meg
Dei låg som hoggorm på ei helle
Og sa dei berre vermde seg

No er det som om noko vantar
Eg har ingen stad å gå
Eg skubbar meg på skarpe kantar
Einkvan må eg stole på

Eg sig, eg sig, eg sig i kne
Denne verda gjev deg aldri fred
Du må kjempe for kvart andedrag
Men det letnar litt når me er i lag

Mange vener kan fortelje
Om ein stad som dei veit om
Alle har eitkvart å selje
Eg er utmagra og tom

Eg sig, eg sig, eg sig i kne
Denne verda gjev deg aldri fred
Du må tåle spark, du må døyve slag
Men det lindrar litt når me er i lag

Alle seier dei er budde
Men eg veit kje om dei er
Det blir aldri som du trudde
Det ligg alltid noko der

Eg ser på båtane på elva
Der dei flyt så fint av stad
Eg tenkjer, «Om ein skulle kvelva
Vil det helst gå bra»

Eg sig, eg sig, eg sig i kne
Denne verda gjev deg aldri fred
Men ein engel kom meg til behag
Du er min beste ven på ein dårleg dag

Eg sig, eg sig, eg sig i kne
Denne verda gjev deg aldri fred
Men eg skimtar òg eit høgdedrag
For det kjem seg når me er i lag