Releases:

  • Fløyel og stål

Då eg såg deg sist

Var ikkje klemmen du gav meg litt hardare
Då eg såg deg sist?
Var ikkje lufta imellom oss klarare
Då eg såg deg sist?
Var ikkje alt meir komplett
Kvar einaste tone heilt rett?
Fall ikkje alt meir på plass
Då du gav meg eit blikk så fast?

Var ikkje smilet du sende meg varmare
Då eg såg deg sist?
Stod me ikkje kvarandre litt nærmare
Då eg såg deg sist?
Var det ikkje som skuggane svann
Då du la di hand i mi hand?
Var det ikkje som noko slapp tak
Då du stod der med ryggen rak?

Skår i gleda
Slik har eg det no
Skår i gleda
Men me har allverdas tid, me to
Skår i gleda
Det er slik det er
Skår i gleda
Men du veit eg har deg kjær

Var ikkje rørslene dine litt friare
Då eg såg deg sist?
Var ikkje porten du stod i litt vidare
Då eg såg deg sist?
Var ikkje kvart ord som blei sagt
Som ein kode for ei hemmeleg pakt?
Fekk kje allting eit lettare preg
Som om landskapet opna seg?

Var ikkje elva som rann liksom reinare
Då eg såg deg sist?
Var ikkje vegen me fann liksom beinare
Då eg såg deg sist?
Eg veit om alt som gjekk tapt
Men nett no ser eg det knapt
Eg ser berre den du kan bli
Mjuk og seig og sterk og fri

Skår i gleda
Slik har eg det no
Skår i gleda
Men me har allverdas tid, me to
Skår i gleda
Ein vakker kveld
Skår i gleda
Eg ser kje lyset, men eg ser kor skuggen fell