Releases:

  • Det du aldri sa

Støyande hjarte

Her er mitt støyande hjarte
Her er min døyande puls
Eg kan trenge litt hjelp med å starte
Klarar du det, er me skuls

Eg veit at du ikkje tenkte
Å vere så kort og kontant
Og eg hadde ikkje trengt å
Ta det fullt så galant
Men no er terningen kasta
No er stormen på veg
Eg har surra meg fast til masta
Eg blundar og ser for meg deg

Her er mitt støyande hjarte
Her er min døyande puls
Eg kan trenge litt hjelp med å starte
Klarar du det, er me skuls

Då eg såg deg først, gjekk eg i dørken
Det var eitt eller anna ved deg
Som sa meg at førti års ørkenvandring
Var over for meg
Du førte deg nett som ei dronning
Som om du var skjult bak eit slør
Du smakte som mjølk og som honning
Ingenting kunne bli slik som før

Her er mitt støyande hjarte
Her er min døyande puls
Eg kan trenge litt hjelp med å starte
Klarar du det, er me skuls

Då du sa du kom att ifrå rehab
Skal eg innrømme eg stod litt fast
Du hadde laga deg hijab
Av ein berepose i plast
Eg leita etter noko å sei deg
Nøytralt og politisk korrekt
Eg spurde deg om du var lei deg
Og baud deg libanesisk konfekt

Her er mitt støyande hjarte
Her er min døyande puls
Eg kan trenge litt hjelp med å starte
Klarar du det, er me skuls

Då du sa at min kjærleik var nedsnødd
Var det noko du ville ha fram
Då du spurde meg om det var medfødd
Og avslo mitt tilbod om kam
Visste eg ei rose var sprungen
Og visna bort medan eg såg
Visste eg at songen var sungen
Eg visste alt det der eg låg

Her er mitt støyande hjarte
Her er min døyande puls
Eg kan trenge litt hjelp med å starte
Klarar du det, er me skuls

No har eg dratt for å gløyme
Og skipet har lagt ifrå land
Men av og til, oftast i drøyme
Kjem du mot meg på ei strand
Og du kviskrar, ”My love” og ”Mein Lieber”
”Mi amore” og ”Min hjartans kjær”
Og eg vaknar og veit med kvar fiber
Eg må anløpe der som du er

Her er mitt støyande hjarte
Her er min døyande puls
Eg kan trenge litt hjelp med å starte
Klarar du det, er me skuls