Releases:

  • Det du aldri sa

Som det var i går

Det er som det var i går
Eg kjenner enno angen av ditt hår
Det er som det nett har hendt
Du stod framføre meg, som var du himmelsendt

Ei røyst sa meg, «Ta av dine skor
Veit du ikkje du trør på heilag jord?»
Eg løyste lissene og i meg var det stilt
Du tok meg inn, så enkelt og så mildt

Steg for steg, dag for dag
Blir me langsamt tryggare i lag
Dag for dag, steg for steg
Kjem eg sakte nærare deg

Eg veit alt som natta såg
Eg kjenner varmen frå senga der me låg
Som om det var i går
Den gong vår kjærleik hadde semre kår

No er allting i eit anna spor
Eg vil kje lenger nagle deg med ord
Eg vil kje lenger syne eller spå
Det er berre ein ting som eg er sikker på

Steg for steg, dag for dag
Blir me langsamt tryggare i lag
Dag for dag, steg for steg
Kjem eg sakte nærare deg