Releases:

  • Det du aldri sa

Postkort i oktober

Dei sa at sjansane var skrale
For at du kunne vere i ro
Dei sa det var for gale
Dei som pratar om deg no

Dei sa du flaug rundt som ei svale
Som om du ikkje eigde skam
Dei sa det var for gale
Då han fall for deg som eit lam

For det var vinden kringom nova
Som sette blikket ditt i brann
Og det var helgekos i stova
Som låg nærast hjartet hans

Rekk ut handa når du vaknar
Sjå ut glaset før du dreg
Nemn eit ord for det du saknar
Og kom gjerne innom meg

Dei sa det låg til slekta
Dei sa det var i ditt blod
Kvar mann bar stein til vekta
Alle kunne sjå kor pila stod

Du hadde alltid denne trongen
Til å sjå rundt neste sving
Du høyrde denne svake songen
Der andre ikkje høyrde nokon ting

Du fekk eit jentebarn den våren
Men lydde òg ei anna lov
Og natta etter ho var boren
Tok du bussen mens dei sov

Rekk ut handa når du vaknar
Sjå ut glaset før du dreg
Nemn eit ord for det du saknar
Og kom gjerne innom meg

Det kom eit postkort i oktober
Du skreiv med stempel Göteborg
«Eg vonar smerta kan gå over
Eg meinte aldri valde sorg»

Stikk i strid med kva dei venta
Tok han børa di på seg
Han tok seg så godt av den jenta
Sa aldri eitt skeivt ord om deg

Då synte han at han var deg verdig
Når domarane hadde gått
Song han heile songen ferdig
Meir enn det fragmentet du hadde fått

Rekk ut handa når du vaknar
Sjå ut glaset før du dreg
Nemn eit ord for det du saknar
Og kom gjerne innom meg

Me bur i landsbyar av glashus
Eg sopar skåra opp kvar kveld
Me lærer alt om verb og kasus
Og sårar kvarandre likevel

No har dotter di blitt vakker
Til våren står ho konfirmant
Ho minner om deg når ho snakkar
Om eit svalereir ho fann

Eg ser på dotter di og tenkjer
Må ho få vakse sterk og fri
Må ho få bryte sine lenkjer
Helst utan at nokon må li’

Rekk ut handa når du vaknar
Sjå ut glaset før du dreg
Nemn eit ord for det du saknar
Og kom gjerne innom meg