Releases:

  • Det du aldri sa

Fiskarmanns blues

Eg ønskjer eg var fiskar
Mellom bølgjer på ein båt
For alt som jorda gav meg
Var skuffelsar og gråt
Eg sette ut mi line
Med kjærleik, fri og rein
Og ingenting låg over meg
Berre stjernene som skein
Med ljos i mitt sinn
Med deg i min famn

Eg ønskjer eg var mannskap
På eit tog i veldig fart
Som skar igjennom landskapet
Medan regnet piska hardt
Og gynginga frå svillene
Var alt eg kjende att
Og namn på byar fôr forbi
Ei sjelfull vinternatt
Med ljos i mitt sinn
Med deg i min famn

Og eg veit eg skal bli frigjort
Frå alt omkring som bind
Og lekkjene skal falla
Når morgonen set inn
Den lagnadsfulle dagen
Skal eg ta imot di hand
Då er eg mannskap på eit tog
Då er eg fiskarmann
Med ljos i mitt sinn
Med deg i min famn

Original tittel: FISHERMAN’S BLUES
Tekst & musikk: Michael Scott/Stephen Patrick Wickham
Norsk tekst: Tom Roger Aadland
© Warner/Chappell Music Scandinavia AB / Blue Mountain Music Scandinavia