Releases:

  • Blondt i blondt

Visjonar av Johanna

Er det ikkje nett likt natta å forføre deg, heilt utan nåde?
Me er akterutsegla her, sjølv om me blånektar på det
Og Lovise held ei handfull med regn, og skal få deg ifrå det
Lys blafrar frå loftsrommet svakt
Det surklar i røyr her ein stad
Lokalradioen spelar mjukt og vart
Men det finst kje noko der ein kan skru av
Lovise og typen står saman i smug
Og visjonar av Johanna erobrar min hug

Nedpå løkka der damene leikar blindebukk med nøkkelsnora
Og dei døgnville jentene kviskrar om sidesprang mellom spora
Kan me høyre vakta kneppe med lykta
Og spørje kven det er som ikkje er heilt jorda
Lovise, ho er berre nær
Ho kan minne om spegelen der
Men ho seier det litt for beintfram slik det er
At Johanna er kje her
Det elektriske skrømtet brølar mot kraniet krast
Der visjonar av Johanna no har teke min plass

Vel, gategut, han tek seg sjølv svært så høgtideleg
Han skryt av sitt elende, han trivst best på farefull veg
Og så nemner han henne
Og eit visst avskjedskyss ho gav meg
Han er sanneleg bitter som få, ubrukeleg, det er han òg
Han mumlar om at noko kom på mens eg er ute for å sjå
Koss kan eg forklare det?
Alt går i stå for meg, radt
Og visjonar av Johanna, dei heldt meg oppe i natt

Inni musea går saka om Alt utan ende
Eit ekko av røyster seier dette er frelsa, kan hende
Men Mona Lisa må ha vore heimsjuk
Du kan sjå det på smilet ho sende
Sjå koss veggpryden stivnar og frys
Medan dissande kvinnefjes nys
Høyr koss ho der med barten seier, «Gys
Tok nokon i hys?»
Å, juvelar og kikkertar dinglar frå muldyrets rygg
Men visjonar av Johanna, dei gjer det heile så stygt

Kramkaren seier til grevinna som lèt som ho tek vare på han
«Nemn meg ein som ikkje er ein snyltar, så skal eg la all tvil fare for han»
Men som Lovise plar seie
«Du toler ikkje mykje, mann, gjer du vel?»
Mens ho sjølv gjer seg klar for han
Og Madonna, ho er ikkje å sjå
Me ser eit tomt bur som rustar bort nå
Der ho dreiv sitt kostymetablå
Spelemannen, han skal til å gå
Han skriv alle har fått det dei skulle få
Bakpå bilen dei lastar fisken på
Mens mitt samvit forgår
Munnspela raslar som nøklar i regnet i natt
Og visjonar av Johanna er alt som er att