Releases:

  • Blondt i blondt

Tydelegvis fem truande

Tidleg ein morgon
Tidleg ein morgon
Ber eg deg kome
Ber eg deg kome
Heim til meg
Ja, om eg ikkje var så einsam
Skulle eg klart meg heilt fint utan deg

Gå ikkje frå meg
Gå ikkje frå meg
Eg går kje frå deg
Eg går kje frå deg
Nei, så menn
Du veit eg kan, viss du kan, kjære
Men ikkje gjer det likevel

Eg har ein hund som gøyr her
Ein hund som gøyr her
I tunet står han
I tunet står han
Stor og svart
Eg skulle sagt deg kva han meiner
Om eg ikkje måtte prøve fullt så hardt

Mor di strevar
Mor di sukkar
Ho skrik og ber seg
Og slik ho ter seg
Er det best du går
Eg skulle sagt deg kva ho ønskjer
Men eg veit inga råd

Femten sjonglørar
Femten sjonglørar
Fem med fast tru
Fem med fast tru
Kledd ut som menn
Sei at mor di kan vere roleg for dei
Går snart heim igjen

Tidleg ein morgon
Tidleg ein morgon
Ber eg deg kome
Ber eg deg kome
Heim til meg
Ja, om eg ikkje var så einsam
Skulle eg klart meg heilt fint utan deg