Releases:

  • Blondt i blondt

Sitje fast i Strileland med sentrumsblues i kveld

Å, fillefrans, han teiknar
Sirklar, rett og slett
Eg ville spurd han kva som stod på
Men eg veit at han held tett
Og damene forsyner meg
Med teip i lange strekk
Men djupt i hjartet veit eg
Eg kjem meg ikkje vekk
Å, kjærast, er det skuggen min som fell
Å sitje fast i Strileland
Med sentrumsblues i kveld

Vel, Holberg, han kjem ned gata
Med dei nye skorne han har fått
Han pratar med ei fransk jente
Som seier ho kjenner meg godt
Og eg ville sendt ei melding
Og funne ut kva ho har sagt
Men postkontoret, det er stole
Og i kassen er der ingen på vakt
Å, kjærast, er det skuggen min som fell
Å sitje fast i Strileland
Med sentrumsblues i kveld

Mona, ho fortalde meg
At togsporet var kje trygt
Ho sa at kvar ein rallarslusk
Drikk blod som leskedrykk
Og eg sa, «Å, det visste eg ikkje
Men så er det berre ein som eg har treft
Og han berre røykte mine augnelok
Og bad meg halde kjeft»
Å, kjærast, er det skuggen min som fell
Å sitje fast i Strileland
Med sentrumsblues i kveld

Bessen døydde nyleg
No ligg han gravlagd på ein gard
Men enno pratar alle om
For eit sjokk det var
Men eg, eg venta berre på det
Eg forstod han var blitt litt snål
Då han laga bål i gågata
Og skaut ho full av hòl
Å, kjærast, er det skuggen min som fell
Å sitje fast i Strileland
Med sentrumsblues i kveld

Vel, stortingsmannen var her
Han synte fram pistolen, mest
Og delte ut fribillettar
Til sonens bryllaupsfest
Og eg vart nesten taua
Og ville det kje vore nett likt seg
Om eg vart teken i billettkontroll
Under ein trailer, langs ein veg
Å, kjærast, er det skuggen min som fell
Å sitje fast i Strileland
Med sentrumsblues i kveld

Predikanten, han vart mållaus
Då eg spurde han om det var av lyst
At han gjekk omkring med overskrifter
Stifta til sitt bryst
Men han forbanna meg då eg beviste det
Så kviskra eg, «Du treng ikkje gå bøygd
Du er jo nett lik meg
Eg håpar du er nøgd»
Å, kjærast, er det skuggen min som fell
Å sitje fast i Strileland
Med sentrumsblues i kveld

Regnmakaren gav meg to kurar
Så sa han, «Kom rett inn hit»
Den eine, det var hardingøl
Den andre, det var rallarsprit
Og dumme stuten eg var
Blanda eg dei trygt
Og no er folk helst heslege
Og tida fuskar stygt
Å, kjærast, er det skuggen min som fell
Å sitje fast i Strileland
Med sentrumsblues i kveld

Og Ruth har invitert meg
Til sin barndoms blanke fjord
Ho skal danse gratis vals for meg
Under ein måne, gul og stor
Og eg seier, «Hei, slapp av no
Tenk på ho eg fortalde om i stad»
Ho seier, «Den dama veit berre kva du treng
Men eg veit kva du vil ha»
Å, kjærast, er det skuggen min som fell
Å sitje fast i Strileland
Med sentrumsblues i kveld

Og brustein ligg på Torget
Der dei galne klyv så kjekt
Dei fell så fint i saman
Det verkar så perfekt
Og her sit eg så tolsamt
Og undrast om dei gjev rabatt
På prisen ein må betale
Om ein vil av før allting byrjar att
Å, kjærast, er det skuggen min som fell
Å sitje fast i Strileland
Med sentrumsblues i kveld