Releases:

  • Blondt i blondt
  • Nett som ei kvinne - Singel

Nett som ei kvinne

Ikkje nokon lir i kveld
Her eg står medan regnet rundt meg fell
Alle saman veit
At Vesla, ho er heit
Men eg kan sjå at alt er kje like greitt
For sløyfene sit litt rart
Ho tar nett som ei kvinne
Ho elskar nett som ei kvinne
Og ho er sår nett som ei kvinne
Men ho fell saman som eit lite barn

Maria er dronning, ho
Ja, eg trur at eg skal gå til henne no
Ingen tvilar på
At velsigning vil ho få
Men ho er som alle andre, og det må ho jo forstå
I skodda, på speed og kledd i eit garn
Ho tar nett som ei kvinne
Ho elskar nett som ei kvinne
Og ho er sår nett som ei kvinne
Men ho fell saman som eit lite barn

Regnet fall frå første stund
Og eg var tørstig som ein hund
Så eg kom inn hit
Og di forbanning, ho sit i
Men denne smerta mi
Er det som verkeleg slit
Eg verkjer her eg sit
Allting flyt, men—

Eitt synest klårt
Ja, eg trur me skal gå kvar til vårt
Når me møtest att
Og nokre ord er sagt
Ver så snill og ikkje avslør at
Eg var svolten i di verd så hard
Du gir svar nett som ei kvinne
Du elskar nett som ei kvinne
Og du er sår nett som ei kvinne
Men du fell saman som eit lite barn