Releases:

  • Blondt i blondt

Mest truleg går du din veg og eg min

Du seier, «kjære»
Men kan det vere
Du ikkje meiner meg?
Du seier du sa meg
At du ville ha meg
Men eg veit kje om det var deg
Eg kan kje gjere slik som før
Eg kan kje trygle ved di dør
Eg tenkjer la deg gli
Utav handa mi
Kan hende vil det gå seg til
Me får nett sjå kva me finn
Når du går din veg og eg går min

Du seier iherdig
Du er meg uverdig
Men du veit du lyg iblant
Du seier du er skaka
Og har blødd for saka
Men du veit du går for langt
Kvar dag her er ein annan lik
Det kan kje berre vere slik
Eg tenkjer la deg gli
Utav handa mi
Kan hende vil det gå seg til
Me får nett sjå kva me finn
Når du går din veg og eg går min

Og domaren ber nag
Han kjem til å kontakte deg
Han har lækjarskrekk
Og når krykkja hans knekk
Då bør du akte deg

Du seier du er lei deg
For at det blei deg
Som laug meg huda full
Du seier du har no
Ein vikar no
Og han er god som gull
Du seier eg kysser kje like heitt
Eg tenkjer me seier det er like greitt

Eg tenkjer la deg gli
Utav handa mi
Kan hende vil det gå seg til
Me får nett sjå kva me finn
Når du går din veg og eg går min