Releases:

  • Blondt i blondt

I fjerde omgang

Då ho sa
«Kvart ord er løgn frå din munn»
Skreik eg ho var døv
Og ho hamra og slo fjeset mitt sundt
Og sa, «Kva har du utan støv?»
Det var då at eg reiste meg opp
Men ho sa, «Før du går
Hugs at alle må gje noko att
For noko dei får»

Eg nynna ein låt
Og tromma litt, òg, og spurde koss då
Og ho snørte ein sko
Og bles bort ei glo
Og sa, «Prøv deg kje no»
Så eg køyrde ei hand i kvar lomme
Mens eg tenkte ut eit svar
Og rekte ho min heilt siste tyggis
Galant som eg var

Ho kasta meg ut
Eg stod til knes i skit der alle gjekk
Og eg var nøydd til å snu
Og gå attende inn dit
For skjorta mi var vekk
Eg venta i gangen, ho romsterte
Og eg prøvde få fot
For biletet av deg i ein rullestol
Som stod lent opp mot…

Ei flaske med rom
Eg kjende meg tom og bad henne om litt
Ho sa, «Nei, skatt»
Eg sa, «Eg høyrer deg knapt
Eg trur tyggisen gjer deg stum»
Ho skreik til ho ramla på golvet
Med eit andlet så rødt
Eg gjekk gjennom skuffene hennar
Då ho sov søtt

Og då alt var i hamn
Med ein sko i min famn
Kviskra eg ditt namn
Og du, du tok meg inn
Du elska meg blindt
Du sløste kje med tid
Og eg, eg bad kje om mykje
Ikkje eingong di krykkje
Så be kje om mi