Releases:

  • Blondt i blondt

Før eller seinare (må ein av oss forstå)

Eg meinte ikkje å vere så stygg
Du må kje ta det så personleg no
Eg meinte ikkje å få deg utrygg
Du berre råka stå der du stod
Då du smilte til venen din og tok farvel
Trudde eg det var underforstått
At du kom tilbake om eit lite bel
Eg visste ikkje at du tok farvel for godt

Men før eller seinare må ein av oss forstå
Du gjorde som du skulle, kjære deg
Før eller seinare må ein av oss forstå
Eg prøvde verkeleg kome nær deg

Eg såg kje heilt kva du var god for
Skjerfet låg framfor munnen din
Eg såg kje heilt kva me to stod for
Men du sa du såg og eg trudde deg blindt
Då du kviskra inni øyret mitt
Og spurde om eg blei med deg når du var klar
Fatta eg visst ikkje spørsmålet ditt
Fatta eg visst ikkje kor ung du var

Men før eller seinare må ein av oss forstå
Du gjorde som du skulle, kjære deg
Før eller seinare må ein av oss forstå
Eg prøvde verkeleg kome nær deg

Eg såg kje klårt, så tett det snødde
Alt eg høyrde, det var røysta di
Eg såg kje klårt kor hen det leidde
Men du sa du såg og det var trøysta mi
Og seinare fortalde du, då eg sa unnskyld
At du var ikkje odelsjente eigentleg
Og eg fortalde deg, mens du klorte vilt
Eg meinte aldri eigentleg å skade deg

Men før eller seinare må ein av oss forstå
Du gjorde som du skulle, kjære deg
Før eller seinare må ein av oss forstå
Eg prøvde verkeleg kome nær deg