Releases:

  • Blondt i blondt

Eg vier tida mi

Frå tidleg om morgonen
Til natta fell på
Går eg med skallebank
Men det kan ingen sjå
Eg vier tida mi til deg
Håpar du finn ein veg

Vel, fanten fór opp
På eit vis kom han ned
Først stal han jenta mi
Så ville han stele meg
Men eg vier tida mi til deg
Håpar du finn ein veg

Vil du ikkje bli med meg?
Me kan dra kor hen du vil
Og om det skjer seg
Er du den første eg seier det til
For eg vier tida mi til deg
Håpar du finn ein veg

Vel, her er så innestengt
Eg får ikkje luft
Alle er dratt utan deg og meg
Og eg kan kje bli heilt til slutt
Eg vier tida mi til deg
Håpar du finn ein veg

Vel, dei sende ein sjukebil
Det kom inn eit tips
Einkvan hadde hell med seg
Men det var visst ein glipp
No vier eg tida mi til deg
Håpar du finn ein veg