Releases:

  • Blod på spora

Lilly, Rosmari og Hjarterknekt

Marknaden var over no, gutane dei hadde eitkvart på lur,
Alt var stilt i festlokalet, bortsett ifrå boring i ein mur.
Forbodet var oppheva og lykkehjulet stengd,
Kvar mann ved sans og samling hadde dratt for lengst.
Då stod han der i døra og såg ut som Hjarterknekt.

Han skritta over golvet bort til spegelen og sa, «Set alt på meg,»
Og så heldt alle saman fram med det dei gjorde før dei snudde seg.
Så gjekk han bort til ein framandkar og spurde med eit smil,
«Kan du sei meg, ven, når underhaldninga tek til?»
Så flytta han seg til hjørnebordet, fjeset vendt som Hjarterknekt.

Jentene dei spelte poker attom scenen der som trappa var,
Lilly håpa på ei dronning, ho hadde allereie par.
Ute fyltest gatene av folk som strøymde til,
Ein bris kom gjennom vindauget, han var så linn og mild.
Lilly satsa endå meir, og trekte Hjarterknekt.

Stor-Jo var ingen tosk, han åtte gruva, kvar ein diamant,
Han kom inn slik han alltid gjorde, kledd så kostbart og så elegant.
Med livvaktar og sølvstokk og kvart hårstrå fint på plass,
Han tok det som han det ville ta og køyrde det i dass.
Men livvaktar og sølvstokk det var ingenting mot Hjarterknekt.

Rosmari børsta håret sitt og drog til by’n, ho var eit synd å sjå,
Ho smaug inn gjennom sidedøra, som ei dronning utan krone på.
Ho flagra litt med vippene og kviskra, full av list,
«Orsak, Pus, at eg er sein,» men han høyrde ho ikkje, visst.
Han stirde ut i lufta i retning Hjarterknekt.

Stor-Jo tenkte med seg sjølv, «Eg veit at eg har sett han før ein stad,
Kanskje på eit bilete, kan hende nede i Christiania.»
Så vart ljosa dempa, folk trampa og dei lo,
Og i mørkret der i rommet var det berre han og Jo,
Dei stirde på sommarfuglen som trekte Hjarterknekt.

Lilly var prinsesse ho, som barn så var ho alltid lys og lett,
Ho gjorde det som måtte til, eit smil som hennar hadde ingen sett.
Ho kom ifrå ein oppløyst heim, og sjølv så stod ho i
Med menn ho reiste land og strand med før det blei forbi.
Men aldri hadde ho møtt nokon som var heilt som Hjarterknekt.

Domaren kom inn då ingen såg det og blei bydd på vin og mat,
Boringa i muren stoppa opp, men ingen stussa der dei sat.
Alle visste godt at Lilly hadde Jo sin ring
Og mellom dei to skulle aldri kome nokon ting.
Nei, aldri noko, bortsett frå kan hende Hjarterknekt.

Rosmari ho drakk tettare og spegla seg i bladet på ein kniv,
Ho var lei av all oppmerksemda, lei av rolla som Stor-Jo sin viv.
Ho hadde prøvd det meste, jamvel sjølvmord ein gong,
Ville gjera ei god gjerning før ho song sin svanesong.
Ho såg rakt inn i framtida, og reid høgt på Hjarterknekt.

Lilly vaska andletet, tok kjolen av og la han skundsamt vekk,
«Slapp du opp for hell?» sa ho og lo, «Eg visste vel at det var slik det gjekk.
Veggen her er nymåla, ver varsam når du går,
Det er godt å sjå du er i live, som ein helgen der du står.»
Nede i gangen kom det fottrinn etter Hjarterknekt.

Sjefen i kulissane gjekk att og fram med kvilelause steg,
«D’er noko her som ikkje stemmer,» sa han «Eg kan kjenne det lang veg.»
Han ville hente domaren, men domaren lukta sprit,
Medan han som spelte hovudrolla pilte hit og dit.
Ingen spelte rolla si betre enn Hjarterknekt.

Lilly heldt rundt mannen som ho elska og trykte han inn til seg,
Gløymd var han som hundsa henne, mannen som ho hata inderleg.
«Eg har sakna deg slik,» sa ho og han trudde henne trygt,
Men rett utanfor døra kjende han sjalusi og frykt.
Berre ei anna natt i livet til Hjarterknekt.

Ingen visste omstenda, men dei sa det skjedde nokså kvikt,
Garderobedøra fauk opp, og så høyrdest eit revolverklikk.
D’er synd å sei at Stor-Jo verka særlig overgitt,
Rosmari ho stod attmed han, så stø i blikket sitt.
Ho var saman med Stor-Jo, men helte litt mot Hjarterknekt.

To dører lenger nede kom dei gjennom muren endeleg
Dei gjorde reint bord i kvelvet, ein kan sei at strevet svarte seg.
Ved elvebreidda venta dei, alt var mørkt og stilt,
På han som hadde sagt han måtte gjera ein ting til.
For dei kunne ikkje fortsetje, ikkje utan Hjarterknekt.

Henginga var neste dag, mørke skyer låg der som ei bør,
Stor-Jo låg tildekt, drepen av ein brevkniv dagen før.
Rosmari som i galgen stod, ho blunka kje ein gong,
Og domaren var edru no, han hadde ingen trong.
Den einaste som ikkje var til stades der var Hjarterknekt.

Festlokalet det var tomt, eit skilt sa, «Opnar att om litt,»
Lilly hadde allereie teke fargen ut av håret sitt.
Ho tenkte litt på far sin som ho ikkje hadde sett,
Ho tenkte på Rosmari, og på lov og rett.
Men mest av alt så tenkte ho på Hjarterknekt.

Tekst & musikk: Bob Dylan
Norsk tekst: Tom Roger Aadland