Releases:

  • Blod på spora

Kom i morgon tidleg

Kom i morgon tidleg der di gate kryssar mi
Kom i morgon tidleg der di gate kryssar mi
Me kan vere ned’ i Skåne
Før denne vinteren er forbi.

Dei seier det er mørkast rett før det gryr av dag
Dei seier det er mørkast rett før det gryr av dag
Men du har det kje frå meg
Kvar dag er mørke sidan me skilde lag.

Hanen gjel sårt, eg trur han tenkjer på einkvan
Hanen gjel sårt, eg trur han tenkjer på einkvan
Så lite snill du er mot meg,
Kjenner eg meg nett som han.

Fuglane flyg lågt, det er så vidt dei lyfter veng
Fuglane flyg lågt, det er så vidt dei lyfter veng
Vel eg har kje fleire fyrstikker
Og stasjonsdøra er stengd.

Vel, eg kraup i gjennom piggtråd og eg kjende haglet slå
Vel, eg kraup i gjennom piggtråd og eg kjende haglet slå
Vel, eg sprang jamvel frå ein kjøter
Eg har fortent all kjærleik eg kan få.

Sjå den sola, som ei skute går ho ned
Sjå den sola, som ei skute går ho ned
Er det kje nett likt hjartet mitt
Kvar gong du kyste meg?

Tekst & musikk: Bob Dylan
Norsk tekst: Tom Roger Aadland